nyhende

Held kontakten med ungdommane

Sjølv om Vigdartun er stengt, er Flemming Lothe tilgjengeleg for ungdommane. Sosiale medier og fisketurar er noko av det han driv med.

Publisert Sist oppdatert

No er me i den åttande veka med restriksjonar. Krava har vore strenge og mykje er blitt avlyst. 1.-4. klasse og barnehageborn har fått ein meir normal kvardag, og resten av skulane følgjer etter i veka som kjem.

Vigdartun er til vanleg open frå morgon til kveldstid. No er det stengt, og Flemming Lothe ventar spent på beskjeden om når han kan få opne att.

– Eg følgjer Helseinstituttet sine beskjeder og tips, samstundes som eg følgjer den kommunale ordninga. Eg gler meg til eg får beskjed om at eg kan opne opp att, og eg gler meg til å sjå ungdommane igjen, seier Lothe.

Lothe har hatt fleire spørsmålsrunar ute på Instagram der ungdommane kan svara heilt anonymt. Nokre av svara som kom inn, med Lothe sine tilbakmeldingar, finn du her i saka og i bildegalleriet.

Ønskjer å rekke alle

– I desse tidene har eg prøvd å gjera alt eg kan for å vere tilgjengeleg. Eg har hatt grupper med folk der vi fisker, noko som har slått veldig godt an hos ungdommane. Det einaste eg skulle ønskje var at eg kunne køyrd med dei i bil, slik at eg kunne ha rekt ut til alle, og ikkje berre dei som bur nært.

Sosiale medier er noko som er blitt bruke meir enn nokon gong. Både lærarar, elevar, foreldre og vaksne har teke i bruk ulike nettverk, og Lothe heng ikkje bakpå.

God respons

– Ungdommane har alltid kunna fått tak i meg på ulike sosiale plattformer, men det er nok no det blir brukt mest. No har me ikkje noko val. Verda blei snudd på hovudet på ein, to, tre, og me må forhalda oss til å ha dei sosiale samankomstane på nett. Eg er tilgjengeleg på både telefon, Facebook, Instagram og Snapchat, noko som gjer at alle har ein plass dei kan ta kontakt på.

Lothe trur ungdommane set pris på at dei fortsatt har moglegheita til å ta kontakt med han, sjølv om Vigdartun ikkje er open.

– Eg forstår det også slik at det kan vera hardt for ein del ungdommar å vera heime så mykje. Det er heller ikkje alle som trivst med heimeskule, så det at eg er her hjelper nok mykje.

Powered by Labrador CMS