nyhende
Held fast på vedtatt trasé for Fv. 541
Sveio stiller seg positiv til optimalisering av Fv. 541 Grimstveit-Krossleite, primært langs vedtatt vegtrasé. Dette går fram av eit vedtak som blei gjort med 16 mot ni stemmer i kommunestyret måndag kveld.
Mindretalet støtta eit forslag frå John Anders Semb (TvF). Dette forslaget gjekk ut på å støtta optimalisering ved i større grad å bruka dagens veglinje dersom det kan akselerera planane i forhold til den vegtraséen som er vedtatt og lagt inn i reguleringsplanen.
Semb peika på fleire fordelar ved i større grad å satsa på dagens vegline. Han nemnde mellom anna jordvern, men la særleg vekt på at dette kan medføra raskare utbygging.
Enklare og billegare
Optimalisering betyr i denne samanhengen å gjera mindre endringar med sikte på å forenkla prosjektet og gjera det billegare.
Rune Teikari (Frp) hadde i utgangspunktet sans for Semb sin argumentasjon, medan Mikal Møller Hovda (H) gjekk sterkt imot.
Hovda hadde ikkje tru på at utbygginga vil koma raskare i gang dersom fylkeskommunen skulle gå inn for å følgja dagens veglinje i større grad enn vedtatt. Tvert imot meinte han at dette kunne utløysa krav om ny reguleringsplan.
Etter gruppemøte sa Teikari at han ville støtta Hovda sitt syn, som også var tilrådd av rådmannen. Semb fekk derimot støtte frå SV, MDG og enkeltrepresentantar frå KrF, Sp og Ap.
Ikkje råd til spleiselag
I resten av vedtaket, som alle var samde om, heiter det at Sveio ønskjer å bli tidleg informert dersom vegeigaren (Vestland fylkeskommune) ønskjer å sjå på optimaliering langs andre veglinjer. Kommunestyret seier også at målet må vera å auka trafikktryggleiken ved å gi eit betre tilbod til alle trafikantar med eige tilbod for gåande og syklande og to felts køyreveg. Kommunestyret ser ikkje at Sveio kan prioritera samfinansiering av prosjektet, slik fylkeskommunen har spurt om.
Slik det no ser ut, ligg prosjektet an til å få midlar først i andre periode av den regionale transportplanen (RTP), kunne rådmann Jostein Førre opplysa på kommunestyemøtet.