nyhende
Hektisk på hyttebyggjeplassen
Pågangen har vore stor frå folk som ønskjer å overnatta i Flokehyttene ute på Ryvarden, men enda må dei venta nokre veker.
Etter framdriftsplanen skulle Haugesund Turistforening sine hytter på Ryvarden stå ferdig og klare til bruk i august i år.
– Prosjektet er såpass komplisert at me ikkje tør setja dato, men midten av oktober er eit realistisk mål for at hyttene skal stå ferdige, opplyser prosjektleiar Rolf Svendsen i Haugesund Turistforening. Hytteprosjektet består av fem hytter, med opsjon om ei sjette.
Krydder i kvardagen
Alle hyttene er plasserte på kanten av storhavet, og glir naturleg inn i landskapet. Karmøy-verksemda Duco AS står for hovudjobben, byggmeister Helge Kvale er nestor. Då Vestavind besøkte Ryvarden torsdag var det hektisk aktivitet på byggjeplassen.
– Me er eigentleg litt over alt for tida, både ute og inne, fortel dagleg leiar i Duco, Svein Helge Vestre. Han er full av lovord om prosjektet.
– Dette er krydder i kvardagen for oss. Ein ting er utfordringa, ein annan ting er plasseringa, men det at hyttene skapar så stort engasjementet blant folk gjer byggjeprosessen ekstra spennande, seier Vestre.
Mange nyfikne
Grunna tryggleiken får ingen utanforståande sleppa heilt inn på byggjeplassen. Ikkje alle respekterer dette, difor er det sett opp skilt som frarår dette.
– Me er plikta til å ivareta tryggleiken på arbeidsplassen, men bortsett frå det synes me det er svært kjekt at folk er engasjerte og nyfikne, smiler Vestre.
Rolf Svendsen har vore med på mange prosjekt i regi av turistforeininga, blant anna Olalia Fjellstove. Når me spør om Flokehyttene no er blitt hans nye hjartebarn, nikkar han.
– Det er no alltid slik at det siste prosjektet er det viktigaste. Men typisk for sluttprosessen er at det blir så mykje styr at ein mister perspektivet og du irriterer deg meir enn du gler deg.
– Kva er du mest nøgd med?
– Den unike utsikten, og hyttene som alle har si greie, sin verdi, fastslår prosjektleiaren.
Kvar hytte har fem overnattingsplassar, kjøkken, vask og toalett, og vedomn. Prosjektet er utvikla i samarbeid med Haugesund Turistforening og Opus Arkitekter AS. Prosjektet er støtta av Sveio kommune, Hordaland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, og ein privat givar.