nyhende

Kultur

Som vertskapet Ad Libitum har musikar og enterteinar Heine Totland eit stort og breitt repertoar.

Heine Totland + Ad Libitum = sant

Lista med dyktige artistar koret Ad Libitum har samarbeidd med er lang. Siste tilskot er Heine Totland, og det borgar for ein livleg kveld i Sveio kyrkje 15. mars.

Publisert

Ad Libitum sine konsertar er aldri kjedelege, og koret har ei heilt eiga evne til å variera konsertane sine. Både i innhald og kven dei samarbeider med. Vårens store namn er altså det allsidige fyrverkeriet Heine Totland.

Programmet byr på eit knippe av populærlåtar framført både med berre koret og saman med dei dyktige musikarane André Eide (flygel og Kjell Harald Litangen (gitar) i tillegg til Totland. Med kjente og kjære låtar av Abba, Jan Teigen, Simply Red, Simon & Garfunkel, Jon Bon og Sting – for å nemna nokre – kjem dette til å bli ei musikalsk oppleving utanom det vanlege.

Allsidig musikar og entertainer

Heine Totland er musikar og entertainer kjent for dei fleste. Han vaks opp på Bømlo og har framleis sterk tilknyting til heimkommunen. Totland har ein imponerande CV som inkluderer eigne album og singlar, men han har også medverka på eit stort antall innspelingar med andre artistar.

Han har spela hovudroller i fleire store musikaloppsettingar, blant anna Mamma Mia!, Buddy Holly

the Musical, Jesus Christ Superstar, Les Misérables og Chess. 

Dei som ser på TV har nok også fått med seg deltakinga hans i mellom anna «Beat for Beat», «Farmen Kjendis», «Stjernekamp» og «MasterChef». Han var også programleiar i serien «Det Norske Måltid» over tre sesongar.

Dei siste åra har Totland gjort eigne show med stor suksess på Ole Bull Scene i Bergen, og på Latter i Oslo. Han har også sitt eige 50-talls rock&roll-band som spelar landet rundt på festivalar og kulturhus.

Gitar og flygel

Kjell Harald Litangen er ein av Norges mest anerkjende gitaristar, har vore ein viktig del av hovedstaden sitt musikkmiljø i ei årrekke. Han har opptredd med ei rekke artistar som Maria Mena, Sissel Kyrkjebø, Adam Douglas, Rita Eriksen, Frode Alnæs og Al Jarreau.

Litangen er også låtskrivar og har gitt ut fleire singlar og albumet «Diversions». Han er oppvaksen på Karmøy, men familien kjem frå Sveio.

André Eide er fast pianist for Ad Libitum. Han er nytilsett organist i Kvinherad, men har også dei siste åra gjort karriere som pianist – både lokalt, nasjonalt og internasjonalt – og har gjort mange konsertar – åleine eller i samarbeid med andre artistar.

Ad Libitum spenner vidt med nær sagt alle typar repertoar, tel rundt 40 songarar og blir leia av dirigenten Per Bjørn Habbestad (heilt til venstre). Her får ei øving.
Powered by Labrador CMS