nyhende
Heimevernet skal øva i Sveio
Frå 17. til 20. april skal Heimevernet gjennomføra si årlege øving i Sunnhordland, men allereie frå 14. april vil det vera aktivitet i samband med øvinga.
Rundt 150 soldatar skal delta i øvinga, som vil finna stad fleire stader i Sunnhordland, mellom anna på Tittelsnes leir og skytebaneanlegget på Kalland.
– Hovudføremålet er å øva og bli betre på soldatferdigheiter. Det blir både skytebaneteneste og feltteneste, seier liaisonoffiser Ole Velde i HV09-213.
Han er i permisjon i år og deltek ikkje sjølv i øvinga, men er godt kjend med opplegget.
Heimevernet i Sunnhordland høyrer til Bergenhus heimevernsdistrikt, som er eitt av 17 distrikt i landet. Nemninga HV09 viser til distriktet, medan 213 er området Sunnhordland.
Aktivitet fleire stader
Sjølv om mykje av aktiviteten vil føregå på øvingsområda, kan publikum også sjå uniformert personell andre stader i Sveio og elles i Sunnhordland medan øvinga pågår. Ifølgje Velde vil dette skje sporadisk, mellom anna i samband med forflytting mellom områda.
Tittelsnes leir blir sperra av medan øvinga pågår, og skytebanen på Kalland vil vera stengd under skyteøvingane.
– Folk treng eigentleg berre å visa omsyn, så skal Heimevernet gjera det same, seier Velde.