nyhende
Heimevernet skal øva ei veke
Det er tid for den årlege heimevernøvinga i Sunnhordland. Omlag 120 soldatar vil vera i aksjon frå fredag 5. mai til og med torsdag 11. mai.
På grunn av øvinga vil det vera synleg uniformert personell i heile operasjonsområdet, med hovudvekt på Tittelsnes leir og Kalland skytebane.
— Det blir også ein del trafikk mellom Tittelsnes, Kalland skyte bane og Valevåg gamle ferjekai, opplyser løytnant Ole Velde, liaisonoffiser for Sunnhordland Heimeverndistrikt.