nyhende

Heimesjukepleien i Sveio disponerer sju bilar av denne typen, som har blitt brukte i snart fire år. No er leasingperioden over, og bilane skal leverast tilbake. Hege Kinn, fungerande avdelingsleiar heimetenesta fortel at bilane har fungert godt. Så lenge den nye bilparken oppfyller behova deira, er dei tilsette klare for å ta i bruk elbil.
Heimesjukepleien i Sveio disponerer sju bilar av denne typen, som har blitt brukte i snart fire år. No er leasingperioden over, og bilane skal leverast tilbake. Hege Kinn, fungerande avdelingsleiar heimetenesta fortel at bilane har fungert godt. Så lenge den nye bilparken oppfyller behova deira, er dei tilsette klare for å ta i bruk elbil.

Heimetenesta kan få ei elektrisk framtid

Sveio kommune vil redusera sine utslepp og klimaavtrykk. Frå i haust kan det bli elbilar for heimetenesta. Det vil kommunen også spara pengar på.

Publisert Sist oppdatert

Heimetenesta disponerer sju firhjulsdrivne bilar som er leasa, det vil seia at dei er leigde i ein avgrensa periode. I dette tilfellet er det snakk om fire år, og avtalane for alle bilane går ut i haust, då skal dei leverast tilbake.

Lågare kostnadar

Formannskapet har gått inn for at bilparken skal bli elektrisk. Samla sett vil kommunen spara minst 315 000 kroner årleg ved å kjøpa sju elbilar, samanlikna med dagens utgifter til leige av sju bensinbilar.

Tre ladestasjonar for elbil blir monterte på staden der heimesjukepleien pleier å parkera bilane sine.

– Etter rådmannens vurdering er det klårt at kommunen så langt det lar seg gjera bør gå over til elektriske bilar, både av omsyn til miljøet og til kommuneøkonomien. Å kjøpa bilar i staden for å leasa vil også gje lågare kostnadar for kommunen, særskild i form av redusert gjennomsnittleg verditap og sparte utgifter til overkjørte kilometer og påkost, skriv rådmannen i saka.

Like bilar

Grunna forholda i Sveio, bør dei nye bilane også vera høge og ha firhjulsdrift.

– Ein del stader i Sveio er det ganske uframkomeleg, særskild i vinterhalvåret. Vurderinga er at ein treng firehjulsdrift på i alle fall nokre av bilane. Dersom ein vel nokre bilar med og nokre bilar utan firehjulsdrift vil det auka administrasjonen av bilhaldet, og ein vil kunne få dagar kor ein ikkje kjem fram med den hjelpa ein skal gje. Ulike bilar vil også krevje ulik oppfølginga og kan hende ulik leverandør av service og vedlikehaldstenester. Etter rådmannens vurdering vil det vera hensiktsmessig å ha like bilar og at dei har firehjulsdrift. Dette vil bidra til enklare og mindre administrasjonsarbeid i forhold til utarbeiding av arbeidslister og køyrelister, og gjera arbeidsdagen tryggare og meir effektiv for dei tilsette, skriv rådmannen i saka.

Lite å velja i

Men det er ikkje mange variantar innafor krava som kan leverast i tide. I den nye rammeavtalen om bilar er det berre eitt aktuelt val, og det er Hyundai Ioniq 5.

– Ein kjenner heller ikkje til bilar utanføre avtalen som oppfyller kommunens krav og samtidig kan leverast i tide, skriv rådmannen i saka.

Formannskapet har samrøystes gått inn for å kjøpa sju elbilar med firehjulsdrift, men rådmannen blei utfordra på om alle bilane treng å ha firehjulsdrift.

Ut på anbod?

Rune Teikari i Sveio FrP synest det er fint at Sveio kommune vil velja ei løysing med trygge og miljøvennlege bilar, som vil vi auka sikkerheit for tilsette, redusert klimaavtrykk og lågare kostnader. Eit så stort innkjøp burde vore ute på anbod, meiner han. 

– Det er svært overraskande at ein av saka ser at ein ikkje har sjekka ut moglegheita for å sette eit så stort innkjøp ut på anbod for å oppnå ein best mogleg avtale til beste for Sveio kommune, men passivt vel å bruke ein eksisterande rammeavtale utan å sjekka ut moglegheita for gå ut på anbod. Marknaden for elbilar er i rask utvikling med nye og spennande produkt nesten kvar veke, og hard priskonkurranse. Her bør det kunna vera mogleg for Sveio kommune å spara pengar, som kan nyttast til andre oppgåver til det beste for innbyggjarane, seier Teikari, som også tok opp temaet i formannskapet.

Firehjulsdrift på alle?

I møtet utfordra Jarle Jacobsen frå Sveio KrF rådmannen på om alle sju bilane treng å ha firhjulsdrift, med tanke på at dei er dyrare i innkjøp enn ordinære bilar.

– Som politikar meiner eg ikkje noko om kva bilar som skal nyttast i heimetenesta, men med ei så høg investeringsramme, har eg behov for avklaring frå rådmannen. Er det verkeleg nødvendig med bilar til rundt 500 000 per stykk, for å kunne levera gode heimetenester i kommunen vår? spør Jarle Jacobsen, som forventar meir informasjon frå rådmannen i kommunestyret 20. september.

Anbod vil ta tid

– Rammeavtale for å kjøpa bilar, både elektriske-, bensin- og dieselbilar var ute på anbod våren 2021. Rammeavtalen er eit større innkjøp i samarbeid med dei andre kommunane på Haugalandet, med dei bilane som var tilgjengelege på det tidspunktet. I rammeavtalen er det berre den valte bilen som vil vera leveringsklar i tide til utløp av leasingavtalane. Etter våre undersøkingar vil ikkje andre aktuelle leverandørar kunne levere el-bilar med 4-hjulstrekk innan utløpet, forklarar rådmann Jostein Førre.

 Dersom kommunen skal gå for eit eige anbod av denne storleiken, vil det ta lang tid, då anbodet skal lysast ut internasjonalt. 

– Bilane som no er aktuelle, var ikkje aktuelle for levering om ein hadde hatt ein eigen anbodsprosess i vår, kommenterer Førre. 

Når det gjeld firehjulsdrift eller ei, er det ønskjeleg å ha alle bilane like.

– I dialog med heimetenesta har ein funne det som fordelaktig å ha ein lik bilpark med firehjulstrekk i staden for ein blandingsbilpark. Dette er eit grep ein gjorde for fire år sidan, og erfaringane har vore gode.

Powered by Labrador CMS