NPK: Etter mangel på mannskap har Norled henta tilbake arbeidsføre pensjonistar som er klare for å jobbe. Fjord1, som driv ferjer og hurtigbåtar i Vestland og Møre og Romsdal, har nett same problemet som Norled. Dei har ikkje nok folk, skriv NRK.
– Dei siste åra har det blitt meir krevjande. Det er særleg om sommaren, viss det oppstår akutt behov for bemanning, at det er ei større utfordring. Elles ser vi at der er færre søkarar på ledige stillingar no enn før, seier driftsdirektør André Høyset i Fjord1.
Johnny Hansen leiar Sjømannsforbundet, som organiserer kring 10.000 sjøfolk i Noreg, trur jobbane i oppdrettsnæringa gjerne er betre betalt enn på ferjene.
Jannecke Skjøld er sjef for Norled si frakting av cruiseturistane som kjem til Stavanger.
– Eg har jobba i bransjen i 25 år. Aldri har det vore verre å finne mannskap til å frakte turistane rundt, seier ho til NRK.
Selskapet har gått ut med eit løfte om 7000 kroner til tilsette som skaffar ein ny kollega.