nyhende

Per S. Wathne.

Heiar på barn og unge

Per Sigurd Wathne er denne vekas «Hei, sveibu».

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

Namn: Per Sigurd Wathne

Alder: 72 år

Bustad: Auklandshamn

– Kva gjer du til dagleg?
– Eg er til dagleg pensjonist, som no akkurat er heime igjen etter å hatt «jobb» med å passa barnebarn i nokre veker.

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Fridom og nærleik til fin natur, sjø, vatn og masse frisk luft.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nærbutikken vår i Auklandshamn.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Padleturar i vatn, fisketurar på Bømlafjorden ein fin sommardag og å eta søte moreller med barn og barnebarn.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Alle barn og unge, at dei ser verdien i den enkelte og heiar dei fram. Det gler meg å sjå breidde og trivsel i oppvekstmiljø, skule, frivillig arbeid og blant barn og unge i aktivitetar der dei kan utfalda seg og trivast med gode venner. Eg skulle også gjerne sett at søndagsskule, yngres og speidararbeid hadde blomstra meir i delar av kommunen. 

Powered by Labrador CMS