nyhende
Havnivåstigning gjer at kommunane må planleggje i hundreårsperspektiv
I åra framover kjem hava til å stige over nesten heile verda. Det må òg norske kommunar ta med i planarbeidet sitt.
Tidlegare i vår kom det ein rapport med nedslåande spådommar for havnivå i Noreg. Rapporten Sea-Level Rise and Extremes in Norway , laga av Kartverket i samarbeid med Meteorologisk institutt, NORCE og Nansensenteret, viser at havnivåstigninga byrjar å auke og presse opp vasstanden langs enkelte delar av kysten vår. Spesielt på Vestlandet og elles i Sør-Noreg.
Auke i mange hundre år
Noreg har lenge hatt fallande eller relativt stabile havnivå, men på grunn av global oppvarming er dette i ferd med å endre seg til det motsette. Dette må ein ta høgde for både i nasjonal, regional og lokal forvaltning. Tidleg i juni samla difor Miljødirektoratet representantar frå Kommune-Noreg til eit webinar om korleis dei kan bu seg på det som ventar.
– Dette er ei langsiktig utfordring. Det betyr at vi òg må tenkje langsiktig når vi planlegg korleis dette skal handterast, sa forskar Matthew Simpson frå Kartverket.
Han er blant forskarane som har vore med å skrive den nye rapporten. Han peika på at havet langs Norskekysten har heva seg om lag 14 centimeter i snitt sidan 1960, men at landet parallelt har heva seg slik at nivået har vore stabilt. Dette vil ifølgje forskaren endre seg framover.
– Vi vil sjå ein auke i havnivå og det vil halde fram i mange hundre år framover.
Han peika òg på at stiginga vil slå ut ulikt frå stad til stad – hovudsakleg grunna geografiske skilnader i landheving.
Langsiktig planlegging
Cathrine Andersen frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) fortalde på webinaret om korleis dei gir råd til kommunane i klimatilpassingsarbeidet som må gjerast.
– Havnivåstiging er ei endring som vil påverke oss i mange generasjonar framover. Difor er vi veldig opptekne av det langsiktige når vi rettleiar kommunane om dette temaet.
DSB kjem òg med ein oppdatert rettleiar til kommunane.
– Tilrådingane kan summerast opp i fire ganske enkle strategiar: Beskytte, tilpasse, unngå og trekke tilbake. I mange tilfelle vil det vere ein kombinasjon av strategiar som blir den beste løysinga, sa Andersen.
Dette ligg i strategiane:
Beskytte: Fysiske sikringstiltak som vernar befolkning, bygningar og infrastruktur. Til dømes med diker, portar og vollar.
– Ein slik strategi kan bli veldig kostbar og ha avgrensa effekt på lang sikt.
Tilpassing: Tillate bygging i utsette område, men at aktivitet, bygg og infrastruktur bli tilpassa.
– Til dømes gjere bygg og infrastruktur vasstett. Ein kan ha tekniske og elektriske installasjonar høgt oppunder taket. Rett og slett lage løysingar som tillèt at vatnet nokre gonger fløymer over.
Unngå: Gjennom arealforvalting unngå ny og omfattande utvikling i område som kjem til å bli råka av havnivåstiging og høg vasstand.
– Kommunane må òg vurdere å ta ut område som allereie er sett av til bygging i arealplanar.
Trekke tilbake: Kommunane må ta strategiske val om å relokalisere, flytte og kanskje til og med fjerne busetnad. Strategien reduserer bruk av fysiske og kostbare sikringstiltak.
– Denne strategien ligg forhåpentlegvis og mest sannsynleg ganske langt fram i tid.