nyhende
Havforskingssjefen ser alvorleg på klimahelsa til havet og er bekymra for torsken
– Vi ser at bestanden av torsk og skrei er svært låg no, og vi har problem med å slå fast kva som er årsaka. Mykje tyder likevel på at det kan ha med klimaendringane å gjere, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Vi møter direktøren i hovudkvarteret til Havforskingsinstituttet (HI) på Nordnes i Bergen. Noreg var tidleg ute med å drive vitskapleg forsking på fiskeribestandane og livet elles i havet, og instituttet feirar i år 125 årsjubileum. HI er i dag eit institutt i internasjonal toppklasse på sitt felt.
– Torsk og makrell er dei viktigaste fiskeartane våre, men det er no unormalt låge bestandar av begge. Vi har heile tida opplevd svingingar, men tidlegare har det vore naturlege forklaringar. Det vi ser no har ikkje klare årsaker, men mykje tyder på at det kan kome av eit varmare klima og endringar i havstraumane, forklarar han.
Endringar ved iskanten
Kvamstø peikar på at isen i Arktis har trekt seg tilbake, og at det er endringar i artane som lever ved iskanten, som vi ikkje har kontroll på. Det gjer at årsakssamanhengar fagfolk tidlegare har kjent seg trygge på, no spelar saman annleis.
– På ein måte må vi rykkje tilbake til start. Det er så mange ting som spelar inn, at vi må få ei endå betre forståing av systema i naturen – korleis artane påverkar kvarandre saman med fiskeri og menneskeskapte verdiar. Det har vore låge bestandar før, og vi kan ikkje sjå bort frå at det også no kan vere naturlege årsaker. Men det er ikkje til å leggje skjul på at vi ser alvorleg på situasjonen, legg han til.
HI-direktøren viser til at torsken i Barentshavet er ikonisk. Alt på 1400-talet var skreien ei internasjonal merkevare. Berre i fjor eksporterte vi torsk for nær 12 milliardar kroner. Men det skjer dramatiske ting.
– Sidan toppen i 2013 har det berre gått nedover for torsken. Rekrutteringa er på eit historisk botnnivå, og det er stadig færre ungdomar i bestanden. Samstundes er ikkje torsken like produktiv, og det er ein særs dårleg kombinasjon, meiner han.
Den eine lunga
Kvamstø kallar havet for den eine lunga til kloden. Havet regulerer og balanserer temperatur og klima på jorda, og gir oksygen.
– I sommar målte vi den kraftigaste marine hetebølgja på vestlandskysten på i alle fall tre tiår. Det er ingen rekord å feire. For denne bølgja føyer seg inn i ein klar trend som vi også kjenner frå land. Det ekstreme kjem oftare og kraftigare, seier han.
Havforskingsdirektøren trekkjer fram ein konsekvens av dette, ein av mange.
– Tareskogen likar varmen dårleg og kan i verste fall døy. Enkelte år har 80 prosent av den viktige sukkertareskogen i Skagerrak blitt svidd av og erstatta av lurv, som er ulike algeartar. Framover kjem slike hendingar til å treffe oss endå hardare dersom havet ikkje lenger bufrar mot klimaendringane slik vi har vore vane med. Byrjar havet å få nok med seg sjølv, då har vi menneske eit alvorleg problem, legg han til.
Nils Gunnar Kvamstø (61) har vore direktør ved Havforskingsinstituttet sidan januar 2022. Han kom frå Universitetet i Bergen, der han har vore marin dekan, nestleiar, instituttleiar og professor i meteorologi på Geofysisk institutt. Som instituttleiar spelte han ei nøkkelrolle i oppstarten av Bergen Offshore Wind Center, og i tillegg har han hatt ei sentral rolle ved Bjerknessenteret for klimaforsking.
Kvoteråd
Det å kome med råd om fiskekvotar er ei viktig oppgåve for Havforskingsinstituttet, og det har dei drive med så å seie heilt frå starten for 125 år sidan. Også då var det å få eit bilete av storleik på årsklassene og gytebestanden ei viktig oppgåve for å kartleggje bestandane. Dette ligg til grunn for å kunne gi kvoteråd. Eit slikt råd baserer seg på at ein ikkje skal fiske opp meir enn at bestanden kan leve, vekse og vere berekraftig.
– Opphavet til HI var at fiskarane lurte på dette med variasjonane i bestanden frå år til år. I 1900 vart det oppretta ein fiskeristyrelse, som var forløparen til Fiskeridirektoratet. Samstundes voks det fram ein del andre vitskapar som vêrvarsling og oseanografi. Sterke personlegdomar som Fridtjof Nansen var viktig for å få til ein systematisk og vitskapleg overvaking av fiskebestandane, fortel direktøren.
Han meiner moderne havforsking framleis nyt godt av funna forskarane den gongen gjorde. To pionerar er i ei særstilling, Johan Hjort og Georg Ossian Sars. Dei to flaggskipa i forskingsflåten til HI er nettopp «Johan Hjort» og «G.O. Sars», to toppmoderne forskingsskip som er ute på tokt store delar av året.
– G.O. Sars var sonen til soknepresten i Radøy. Presten vart skulda for å vere meir oppteken av livet i havet enn av prestegjerninga, og han døypte sonen Georg Ossian. Så han kunne vel eigentleg ikkje bli så mykje anna enn havforskar, ler Nils Gunnar Kvamstø.
Ventar på nybygg
I dag er det rundt 1.000 tilsette i Havforskingsinstituttet. Vel 700 er ved hovudkvarteret i Bergen, og så er det ei stor avdeling i Tromsø, ei avdeling i Flødevigen i Arendal og elles store feltstasjonar i Austevoll.
Verksemda i Bergen er spreidd rundt på fleire bygg, fleire av dei i gamle fiskemottak. Havforskningsdirektøren ser fram til at dei kan flytte inn og bli samlokaliserte i eit planlagt nytt hovudkvarter like ved hurtigrutekaia i løpet av 2032.
– Det er viktig å bli samla under eitt tak, slår direktøren fast.
Nils Gunnar Kvamstø tek oss med på ein rusletur til dei ulike havforskingsavdelingane på Nordnes. I eitt av laboratoria undersøkjer dei fisk på oppdrag frå Mattilsynet, før fisken skal ut til forbrukarane. I eit anna laboratorium er fiskeribiolog Lea Hellenbrecht i ferd med å dissekere ein feit skrei.
– Sjå kva eg fann inne i fiskemagen, seier ho og viser oss litt av funnet. Her er ein liten fisk med rogn, men det er vanskeleg å artsfeste han. Her er også ein liten steinformasjon med eit lite levande vesen inni, fortel ho. Skreien er tydelegvis ikkje kresen når han forsyner seg av det maritime festbordet.
Ei framtid med robotteknologi
Ferda går vidare inn i avdelinga til det som skal bli mykje av framtida til Havforskingsinstituttet; dronane og robotane. Vi stansar opp ved dronen Nautilus, som ser ut som ein torpedo. Det er eit undervassfartøy eller sjødrone som blir styrt frå land og som kan ta prøver frå store område i løpet av kort tid.
– Drone- og robotteknologi har kome for fullt. Vi har raske fartøy med raske datalinjer. Informasjonen går rett frå havet, inn i ei digital sky og inn på pulten til forskarane. Tidlegare var det ein lang prosedyre for å få lagra informasjonen frå forskarane ute i felt. Avdelinga HI Digital, som driv med desse tinga, har gått gjennom ei skikkeleg opprusting på grunn av dette.
Dronar og robotar blir brukt til teljing av fisk eller krabbe, dei målar temperaturen i ulike høgdenivå under havoverflata og dei måler saltinnhaldet. Dei gjer ein god del av det arbeidet som tidlegare måtte gjerast manuelt.
Forsking på fiske og fiskebestandar er berre ein del av det Havforskingsinstituttet driv med. Dei driv også omfattande forsking på alt som har med akvakultur og oppdrett å gjere. Og dei må også ta innover seg at stadig fleire vil ta i bruk havet.
– Vi får oppdrag frå Sokkeldirektoratet og Energidepartementet om å kartleggje område som eignar seg for vindmøller til havs. Det er slik at havet er kjempestort, men i ein del område byrjar det å bli trongt. Vi lagar no ein rapport om kva trykk all denne aktiviteten gjer med livet i havet. Det er i sanning spennande tider for oss, seier havforskingsdirektøren med eit sukk.