nyhende

asmund aasheim
Asmund Aasheim meiner Bømlafjorden er rå på mange vis, men det er vest av Bømlo at storviltet går.

Havfiskar tipsa om korallrevet i Bømlafjorden

Då Havforskningsinstituttet i fjor haust fann «Bukkarevet» ved Huglo, tipsa Asmund Aasheim dei om eit enda større korallrev.

Publisert Sist oppdatert

– «Bukkarevet» var det største korallrevet forskarane visste om på våre kantar vart det sagt, då måtte eg som ivrig havfiskar tipsa dei om at området mellom Otterøy og Valevåg (Tråvåsen) er eit mykje større rev i utstrekning enn det på Nyleite (Bukkaskjeret), fortel Asmund Aasheim til Vestavind. Han bur på Stord og har hytte i Førde.

Godt kjent blant fiskarar

Aasheim slår fast at begge plassane, både Bukkarevet og det i Bømlafjorden, er store korallrev som er kjente av «alle» lokale fiskarar/sportsfiskarar sidan reva ofte held enorme mengder fisk, og ofte svært stor fisk. Kunnskapen om dette strekk seg over 100 år tilbake i tid.

– Eg blei teken med av bestefar der for fyrste gong for 40 år sidan. Men sjølv på gamle papirkart frå krigen står det «Cr» (korall) på botntype her, så det er ikkje eg som personleg har funne dette. Forskarane er ikkje lokalkjente og trur desse avmerkingane på kartet berre er ein liten flekk.

Bukkarevet ligg på terskelen til Hardangerfjorden, ved Bukkaskjeret. Det strekker seg fleire hundre meter i kvar retning, akkurat innafor grensene til Miljødirektoratet sitt foreslåtte Ytre Hardangerfjorden verneområde.

Powered by Labrador CMS