nyhende
Havarikommisjonen om sakna fly: Spesielt at det ikkje er funne
Havarikommisjonen prøver å finne ut av kva som har skjedd med småflyet som er sakna i Bjørnafjorden. – Spesielt at flyet ikkje er funne.
– Det er litt spesielt at flyet ikkje er funne. Det er jo veldig ofte der vi startar, med undersøkingar av flyet og ulykkesstaden. No snakkar vi med flyklubben for å få informasjon om flyet og tekniske forhold rundt flyet, seier fungerande leiar for luftfart i Statens havarikommisjon, Karl Bjarne Kapaasen, til NRK.
Vanskeleg søk
Det sakna småflyet med to menn om bord er ikkje funne i Vinddalsvatnet. Søket etter det som er ei anteken ulykke, held fram torsdag.
– Vår øvste prioritet er å hjelpa til med kvar flyet har hamna, for å finna flyet og dei anteke omkomne. Alt tyder på at det er i Vinddalsvatnet, seier påtaleansvarleg Trygve Ritland til NRK.
Han understrekar at søket er vanskeleg. Vinddalsvatnet er rundt 65 meter på det djupaste.
– Det er eit lite fly, der nødpeilesendaren ikkje har sendt noko ut, og det er heller ingen svart boks.
Elev og instruktør
Det var tysdag eit småfly forsvann etter at det truleg gjekk ned i Vinddalsvatnet i Bjørnafjorden kommune, 20 kilometer sør for Bergen sentrum.
Ivar Harald Henriksen (74) frå Bergen og Tore Iversrud Marthinsen (61) frå Ringsaker var om bord i flyet. Det er stadfesta at det var ei skuleflyging, der den eine om bord var instruktør i Bergen Aero Klubb. Den andre var ein elev.
Småflyet er ein tosetar av typen Super Decathlon og tilhøyrer Bergen Aero Klubb, som har base på Flesland. Flyet var på skuleflyging då politiet fekk melding om at småflyet hadde problem klokka 15.34 tysdag 1. april. Rundt ein halvtime seinare skreiv operasjonsleiaren til pressa at flyet truleg har gått ned i Vinddalsvatnet i Bjørnafjorden.
Vitne såg nedslaget
Det er observasjonar frå eit vitne som gjer at søket og store ressursar er konsentrert rundt Vinddalsvatnet. Eit helikopter også har målt eit varmeriss i vatnet
– Vi har ikkje meir enn eitt vitne som har sett meir enn nedslaget. Men vi har folk som har høyrt lyd og sett eit fly på himmelen eit stykke herfrå. Vi har berre eitt vitne førebels som har sett krasj, seier innsatsleiar i politiet Frank Listøl til TV 2.
Styreleiar Bjørn Egenberg i klubben at situasjonen er krevjande.
– Det er veldig krevjande. Vi har ikkje hatt nokon ulykker i moderne tid. Vi prøver å ta vare på kvarandre og medlemmene her og følgjer med på politiarbeidet, seier Egenberg.
Håper på snarleg svar
Bjørnafjorden-ordførar Terje Søviknes seier at heile kommunen er ramma av flyulykka der to personar er anteke omkomne.
– Tankane går til dei pårørande. No håpar vi dei får svar så fort som mogleg på kva som har skjedd, og at ein lykkast med å lokalisere flyet, seier Søviknes (Frp) til Bergensavisen.
Bjørnafjorden er nabokommunen til Flesland, der Bergen lufthamn ligg, og kommunen har derfor beredskapsplanverk for flystyrt. Søviknes seier likevel at dei ikkje er sett i verk.
– Så vi har ikkje bidrege med fleire ressursar enn Bjørnafjorden brann og redning.