nyhende
Havarert Haugli-bil på Fv. 47
Ein av Haugli Bakeri sine transportbilar står havarert i 80-sona på Fv. 47 retning mot Sveio ikkje langt frå Kvednanesetvegen.
Vestavind sin journalist Thomas Vallestad Drageset køyrde forbi bilane på veg til oppdrag. Då stå det to varebilar parkert med varseltrekant bak den eine.
Verken politi eller vegvesen kjent til dette, men transportleiar i Reidar Hammerqvist hos Haugli hadde svaret:
– Det er ein varebil som har havarert, og me ventar no på Viking for å få den fjerna frå vegbanen. Me håper at bergingsbilen er her ganske raskt, seier han klokka 12.10.
Den andre Haugli-bilen som sto der, har teke med seg varer vidare. Mellom anna frosne pizzabunnar, fortel Hammerqvist.
Annonse
Klokka 12:25 var bergingsbil i ferd med å lasta opp den havarerte bilen.