nyhende

tinghuset i førde
Tinghuset i Førde skal pussast opp, og i helga inviterer bugdalaget til marknad kor overskotet skal gå til restaureringa.

Haustmarknad skal gi pengar til restaurering

Sundag inviterer Førde Bygdalag til god gammaldags marknadsstemning i bygda.

Publisert Sist oppdatert

Dei tradisjonelle Førdedagane blir det ikkje noko av år, som følgje av at Samfunnhuset i Førde er leigd ut til vegbygge-formål.

Men fortvil ikkje, for no er Førde Bygdalag klar med noko heilt nytt.

— I år blir det haustmarknad ved Tinghuset, fortel leiar Tor Inge Flåten.

Styreleiar i Førde bygdalag Tor Inge Flåten framfor laget sitt store restaureringsprosjekt, Tinghuset.

At det er nettopp Tinghuset som blir utgangspunktet for marknaden er ikkje tilfeldig. Bygdalaget kjøpte som kjend huset for ein billig penge nyleg. No skal det rustast opp, og då treng ein penger.

— Overskotet frå marknaden vil gå til restaurering av huset, seier han.

Grillmat, brukskunst og mannskor

Flåten lovar ekte marknadsstemning, med både basar, salsbodar kor ein kan kjøpe alt frå egg til brukskunst. Både kaffi og grillmat kan ein også få kjøpe.

— Og det blir underhaldning. Valestrand mannskor kjem heilt sikkert, og kanskje kjem det òg andre for å underhalde, seier han.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) vil stå for opninga av marknaden.

Brannbil til barna

Det blir elles aktivitetar for heile familien, for barn kan besøk av ein ekte brannbil og bamsen Bjørnis raskt bli eit av høgdepunkta.

— Kva vêr har de bestilt?

— Sol og 25 grader, ler Flåten.

Han legg til at om vêr-leverandøren ikkje klarer å leveere i høve til bestillinga hans, og det skulle bli regn, så har dei telt som folk kan trekke inn i.

— Og Tinghuset blir halde ope under arrangementet, legg han til.

Powered by Labrador CMS