nyhende
– Haukås er ikkje noko tidstjuv
Ekspressruta til Kystbussen stansar ikkje på Haukås. Sveibuar som ynskjer å nytta ruta må enten koma seg til Heiane eller Aksdal, noko pendlar Steinar Ervesvåg synest er for dumt.
Steinar Ervesvåg frå sør i kommunen har jobba for Equinor i mange år og har nytta Kystbussen for å koma seg til og frå turnus.
Sjølv om fly er eit alternativ, ynskjer han å bruka buss, men no er han veldig lei av det han meiner er ein tåpeleg og vanskeleggjerande oppførsel frå Kystbussen si side.
– Ekspressbussen deira mellom Stavanger og Bergen, og motsett, stansar ikkje på Haukås, seier han oppgjeven.
Kjøper ikkje forklaringa
Ifølge Ervesvåg har han fleire gonger ringt til administrasjonen og snakka med dei som leiar Kystbussen. Då får han eit svar han ikkje kjøper.
– Dei kallar Haukås for ein tidstjuv. Det meiner eg er tøv! Kva då med Aksdal? Den tar jo mykje lengre tid, seier han.
Ervesvåg hevdar også å ha snakka med fleire sjåførar om saka, kor dei fortel at dei over i systemet har bestemt det, og det er difor det vert slik. Han kjem med kritikk mot det han kallar eit dårleg tilbod og monopolverksemd.
– Sidan båtane slutta å gå er det einaste mogelegheit for å pendla kollektivt, og dei har i praksis hatt eit monopol i ganske mange år, seier Ervesvåg.
No har Vy byrja med eit busstilbod som konkurrerer, og han trur han kjem til å nytta dei framover.
– Eg har vore lojal i så mange år, mne me vert ikkje høyrd når me kjem med ynskjer. Det spørs om eg vil vera lojal framover, seier han.
Ikkje planar om endring
Kystbussen viser til deira operatør Tide Buss, kor produkt- og konseptsjef Svein Helge Hauge svarar. Dei starta i 2017 med «Strake vegen»-ruta, altså ekspressbuss, kor det skulle vera så få som mogeleg haldeplassar for at turen skulle gå raskast mogeleg.
– Per i dag føreligg det ikkje planar om å auka talet på haldeplassar på «Strake Vegen»-avgangane, skriv Hauge i ein epost.
Han understrekar at samstundes som dei byrja med «Strake Vegen», som ikkje stoppar i Sveio, så auka dei talet på vanlege avgangar på ruta kor ein kan gå av i Sveio.
– Et tiltak på bussane som går gjennom Sveio er at me har innført nye bussar med høgare grad av komfort for ei betre reiseoppleving. I 2024 kjem det fleire bussar av denne typen på strekninga, avsluttar Hauge.