nyhende

I romjula markerte ordførarane André Mundal Haukås (t.v.) og Nils Konrad Bua den nye samarbeida ved å kutta ein brannslange med kvar si bajonettsag. Ordførarane er flankerte av Kristel Hoel og Olav Hovland frå brannvesenet. Foto: Lars Martin Haug
I romjula markerte ordførarane André Mundal Haukås (t.v.) og Nils Konrad Bua den nye samarbeida ved å kutta ein brannslange med kvar si bajonettsag. Ordførarane er flankerte av Kristel Hoel og Olav Hovland frå brannvesenet.

Haugesund har overtatt drifta av brannvesenet

Frå årsskiftet har Haugesund brannvesen overtatt leiinga og den administrative drifta av brannvesenet i Sveio. For folk flest vil endringa ha lite å seia, opplyser konstituert brannsjef Krister Hoel.

Publisert Sist oppdatert

– I naudsituasjoner er det framleis nummeret 110 som gjeld. Ved søknader, feiing og andre førespurnader er det derimot Haugesund brannvesen folk i Sveio skal kontakta, ikkje Haugaland brann og redning, seier Hoel vidare.

– Den næraste rykker ut

Når det gjeld utrykningar vil det ikkje bli noko endring.

– 110-sentralen styrer dette og sender alltid den brannbilen som er nærast. Det betyr at det kan koma brannbil frå Stord til ein naudsituasjon heilt nord i Sveio, medan brannbil frå Haugesund kan bli sendt til søre delen av kommunen. Det nye er at det kanskje kan bli lettare tilgang til ressursar frå Haugesund, forklarar Hoel.

Brannstasjonane i Sveio sentrum og Førde vil halda fram som før med eigne mannskap. Det er framleis Sveio kommune som skal eiga brannstasjonane. I Sveio sentrum skulle kommunen alt ha overtatt den nye brannstasjonen i Sveioåsen.

– Denne overtakinga er blitt utsett på grunn av noko som måtte endrast, seier kommunalsjef Kenneth Tollefsen til Vestavind.

Ny dato for overtakinga er ikkje fastsett. I Førde er det kjøpt inn tomt til ny brannstasjon, og reguleringsarbeidet er i gang etter fleire rundar om dette prosjektet i kommunestyret.

Vedtatt i 2023

Det var i november 2023 kommunestyret i Sveio vedtok å melda kommunen ut av Haugaland Brann og Redning og i staden inngå samarbeid med Haugesund om leiing og drift av brannvesenet.

Sidan då har overgangen blitt førebudd, og i romjula kunne ordførarane André Mundal Haukås og Nils Konrad Bua markera det nye samarbeidet på kommunegrensa ved Søre Våge. Denne markeringa blei først omtalt i Haugesunds Avis.

Powered by Labrador CMS