nyhende
Haugesund gir gratis juletre til alle som vil ha
Haugesund kommune gir gratis juletre til alle som vil ha. Folk kan koma og fella trea sjølv fram mot jul.
Haugesunds Avis skriv at kommunen har for mange tre. Byheiane eser ut, og det er både gran og furu å henta for dei som ønskjer seg eit juletre.
– Mange slit økonomisk. Derfor gir me juletre til alle som ønskjer det, seier parkleiar Svein Aase i Haugesund.
Gløgg og pepparkaker
Innbyggarar i nabokommunar er også velkomne. Områda det er lov å hogga tre finn du på karta nede i saka. Det er eitt tre til kvar, og det er ikkje lov å bruka motorsag.
Trea er fine som juletre, men lite ønskt i naturen. Ordninga med gratis juletre blir beskriven som ei vinn-vinn-løysing og varar fram til jul.
Laurdag vil tilsette i kommunen visa veg og hjelpa til om det trengs. Frå klokka 10.30 serverer dei også gløgg og pepparkaker.
– Me håper det kjem ein haug med folk. Tre er det mange av. Blir det lite oppmøte, er det ikkje verre enn at me sit igjen med litt mykje gløgg, seier Svein Aase, og fortel om langt større respons enn han hadde venta når Vestavind ringer.
Har fått stor merksemd
– Du er ikkje den første som tar kontakt i dag. Det er veldig kva merksemd dette har fått. Til og med frå VG. Men det er berre kjekt, og alle er velkomne.
– Kan det bli tomt for juletre?
– Det er rikeleg å ta av, så det trur eg ikkje. Me held ope for juletrehogst fram til jul slik me har kova. Men ikkje alle tre eignar seg til juletre, og når det er tomt for juletre, så er det tomt, seier Aase.