nyhende
Haugalandspakken foreslått forlenga: — Veldig trist, seier varaordførar (Frp)
Regjeringa foreslår å forlenga Haugalandspakken og viser til lokale ynskje. — Gledelege nyheiter, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap). — Me treng ikkje bompengar i denne dyrtida, seier varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp).
Pressemeldinga frå Samferdselsdepartementet kom fredag føremiddag, og går inn for at innkrevjinga av bompengar kan halda fram til 2026.
Då skal ein såkalla bypakke i Haugesund vera på plass. Bompengane vil då krevjast inn til prosjekt i den nye pakken.
Regjeringa foreslår å setja grensa på kva Haugalandspakken kan krevja inn innan 2026 på maks 600 millionar kroner.
Klar forventing
Korkje ordførar eller varaordførar hadde fått nyheita då dei vart ringt opp. Dei reagerte på kvar si måte.
— Det var gledelege nyheiter. Det gjer det mogeleg å få realisert fleire prosjekt, og det er bra, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Ho viser til kva kommunestyret tidlegare har vedteke om forlenging. Eit ja til forlenging, men med ei klar forventing.
— Me forventar å bli prioritert med vesentlege pengar til både kryss på Ekrene og kryss nord for Sveio sentrum, seier Erve.
Saman med ordførarar frå nærliggande kommunar sit ho i styringsgruppa i Haugalandspakken.
— Då vert det min oppgåve å jobba for det der, at me vert høyrt, seier ho.
Fylkeskommunen bestemmer
Samstundes er det Rogaland fylkeskommune som har mest makt i å velja kva prioriteringar som skal gjerast.
— Det er opp til fylkeskommunen å bestemma, seier Erve.
Det har ordføraren erfart tidlegare. I fjor samla ho eit fleirtal av ordførarar i styringsgruppa rundt forslaget om å prioritera Sveio sin del av Fylkesveg 47. Det vart køyrt over av fylkeskommunen.
Søknaden om forlenginga av Haugalandspakken har estimert at det vil kome om lag 30 millionar kroner til prosjekt i Sveio kommune. Frå eksisterande Haugalandspakke er det vedteke å bygga ein kulvert på Rophus til om lag 16 millionar kroner.
Treng ein pause
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) er derimot ikkje nøgd med nyheita.
— Eg er negativ til det, fordi den pausen treng folk før bypakken kjem, og den kjem truleg, seier ho.
Eriksen viser til korleis kvardagsøkonomien har endra seg for mange dei siste åra.
— I denne dyrtida treng me ikkje meir bompengar også. Sjølv om det dryp på Sveio vert det småtteri samanlikna med den belastninga som sveibuen har, seier Eriksen.
Det einaste lyspunktet ho ser i forlenginga er utbetring av Fylkesveg 47 i nordre del av Haugesund.