nyhende

Konsernsjef Pablo Barrera i Haugaland Kraft samen med direktør for Haugaland Fiber, Mariann Salvesen.FOTO: HAUGALAND KRAFT
Konsernsjef Pablo Barrera i Haugaland Kraft samen med direktør for Haugaland Fiber, Mariann Salvesen.

Haugaland Kraft er med på ny 5G-satsing

Haugaland Kraft Fiber er éin av 23 Altibox-partnarar som no opprettar eit felles selskap for å sørge for hurtig utbygging av eit nasjonalt 5G-mobilnett.

Publisert Sist oppdatert

På nasjonalt nivå skal det etablerast 3.900 nye basestasjonar, og 3.200 skal oppgraderast, skriv selskapet i ei pressemelding.

Det nye selskapet heiter Tårnselskapet AS, og det skal eige alle mobiltårn som blir bygd i samband med utbygginga. Selskapet vil også forvalte eksisterande tårn i tillegg til å leige ut plass i mobilmastene til andre operatørar.

— Som medeigar styrkar vi vårt bidrag til at alle i Noreg får tilgang til høghastigheitsnett. I tillegg til fiber vil vi også tilby breibandstenester via 5G, seier direktør Mariann Salvesen i Haugaland Kraft Fiber.

Ifølgje pressemeldinga vil selskapet kunne tilby høghastigheits-breiband i område kor fiber ikkje er tilgjengeleg, eller skape konkurranse i område kor forbrukarane berre har éin operatør i dag.

Powered by Labrador CMS