nyhende
Harry og Laila på Nærbutikken i Valevåg: — Mange kjem her for å letta hjarta sitt.
Laila Vikse Lie (59) og Harry Lie (65) på Nærbutikken har i om lag ni år halde liv i kaien på Valevåg. Denne veka får dei Vestavind-buketten som takk for den inderlege og velmeinte innsatsen dei gjer for folket i nærområdet.
Laila er butikksjef, og Harry kallar seg lagersjef. Men dei daglege arbeidsoppgåvene famnar om meir enn «berre» ordinær butikkdrift:
Kvar fredag og laurdag diskar dei opp med heimelaga vaflar og kaffi på kaféen på Nærbutikken i Valevåg. Dei tilkallar ambulanse dersom nokon får eit anfall eller skadar seg. Dei hentar kundar som ikkje har bil, lèt dei handla det dei skal, ber handleposane for dei ut i bilen sin og køyrer dei deretter heim att. Harry og Laila tek òg imot handlelister over telefon eller på e-post. Så handlar dei det som står på lista og køyrer varene heim til kunden.
Dei lyder til kundane sine og er pålitelege samtalepartnarar for innbyggjarane i Valevåg. Mykje av tida deira går i å prata med kundane sine om laust og fast.
— Mange kjem her for å letta hjarta sitt. Me vil at innbyggjarane som kjem her skal kjenna seg trygge. Det dei fortel oss, vert verande oss imellom. Me kjenner sånn sett på ei moralsk teieplikt, seier Laila.
Men slik har det ikkje alltid vore. Ser ein seg langt nok bak i tid, finn ein døme på at det fór mykje sladder rundt om i bygdene.
— Ville ein vita noko, så gjekk ein på butikken, slår Laila fast.
Turistinfo og barnepass
Nærbutikken i Valevåg har mange funksjonar og har til og med vorte stad for turistinformasjon.
— Me gjev forbipasserande informasjon om kor dei kan, kor dei kan parkera, kva skor dei må ha på seg og mykje meir. Me deler ut kart og disponerer toalett, seier Laila.
Skuleungane i området er òg i trygge hender. Dersom eit barn dett og slår seg, er det berre å stikka innom Nærbutikken. Då stiller Harry og Laila trufast opp med både trøyst og plaster på såret.
— Me vert glade i folka som går her. Me passar på skuleungane, og dei kjenner seg trygge fordi det alltid er vaksne til stades her, seier Laila.
Det er dette som er Nærbutikken: Han er nær lokalt, men òg relasjonelt.
Berg og dalar
Nærbutikken i Valevåg har vore gjennom både oppgangs- og nedgangstider. Drifta har rett og slett gått i berg-og-dal-bane. Før Harry og Laila overtok drifta, hadde butikken vore nedlagd i halvtanna år.
Denne perioden var stussleg, og Valevåg vart ein livlaus stad.
— Me syntest det vart så trist her nede. Me såg jo nesten ikkje eit menneske. Det var ikkje liv att på kaien, og ferja gjekk jo heller ikkje meir. Me kjende sterkt at me sakna både folk og butikken, og bestemte oss difor for å ta på oss ansvaret med å re-etablera drifta, seier Laila.
Ho arbeidde eigentleg med psykisk utviklingshemja og elska jobben sin, men ho kunne ikkje kombinera denne med jobben som butikksjef. Det var difor eit sorgfullt kapittel for henne å seia opp jobben ho treivst i, men samstundes var det viktig for henne å få attende livet i Valevåg.
Harry frå Haugesund hadde vore bussjåfør i 32 år, men byrja å vantrivast i yrket. Difor ville han gjera noko anna. Slik som kona sa òg han opp jobben, og han ser seg ikkje attende eit sekund. Både Harry og Laila er samde om at dei har funne seg til rette som høvesvis lager- og butikksjef.
— Me gruer oss aldri til å gå på jobb for å seia det slik. Me er så heldige med kundane våre, og jobben vår er sosial. Det hender at kundane gløymer å betala fordi me har stått og preika så lenge. Så då må me springa etter dei, seier dei og ler.
Vurderte nedlegging
No har Harry og Laila drive butikken sidan 20. juni 2013, men på eit tidspunkt var dei sjølv inne på tanken om å leggja ned Nærbutikken.
— Me var slitne og mista fleire kundar då, fortel Laila.
Men så slo pandemien inn for fullt, og folk vart nøydde til å halda seg heime, reisa mindre og difor handla lokalt. Omsetnaden til Nærbutikken auka dermed med om lag éin million kroner i 2020.
— Me fekk eit skikkeleg oppsving og det vart frykteleg travelt, seier dei.
Men pandemien har roa seg, og kvardagen er så å seia «normal» att. Den største utfordringa no er å nå ut til dei unge som gjerne handlar andre plassar etter jobb, i tillegg til å handtera dei kostesame straumrekningane.
— Me får rekningar på rundt 30.000 kroner eller meir kvar månad. I ei marginal drift som denne er det synd at styresmaktene ikkje har støtta oss med ei krone, seier paret.
Kanskje kan det hjelpa at Vestavind støttar dei med ein blomebukett?