nyhende
Hårete og frosne «blomster» i Ørevik
Det minner om rim eller is, og kan sjå ut som pels. Frostblomster er eigentleg iskrystallar frå talgsopp, og dukkar opp i spesielt vêr.
Linda Vihovde er ofte ute i naturen, og tar gjerne fram mobilen for å fotografera omgivnadane på Ørevik, der ho bur.
Tidleg i januar gjekk ho til Ørevikjo med eine sonen, og fann fleire motiv som ho la ut på Facebook. Fleire av bilda var av det som kan likna på is frå råtnande treverk, det var også det Vihovde gjekk ut ifrå at det var. Og eigentleg er det det – men det er ein sopp som står for formasjonen.
To fenomen i eitt
Vestavind såg bildene, og fekk lov til å låna bildene for å senda til nokon som har greie på sopp, sidan det nyleg stod om eit liknande fenomen i ei anna avis, der det framstod som eit sjeldant syn.
Me sende ein e-post til Norges sopp- og nyttevekstforbund, og fekk svar frå dagleg leiar Pål Karlsen. Han drar kjensel på dei to fenomena, men så veldig spesielt er det ikkje.
– Det er alltid morosamt å finna, men det er ikkje sjeldant. Det er òg eigentleg to fenomen, der iskrystallane er det som kallast frostblomster, og blir skapt av ein sopp som ligg skjult inne i veden. Dette er ein talgsopp i slekta Exidiopsis. Kvifor og korleis desse talgsoppane lagar iskrystallar veit ein ikkje, men det kan ha noko med sporespreiing å gjera, kanskje bruker soppen dei lange iskrystallane til «å frakta ut» sporene (altså frøet til «soppen») litt lenger bort frå stammen (bokstaveleg talt), seier Karlsen.
Frostskjegg
Institutt for biovitenskap ved UiO har denne skildringa på frostblomstrar:
Frostblomster (håris, isblomster, frosthår, frostskjegg) er klaser med lange hvite hårformete tråder med is som kommer ut fra kvist- og greinbiter. Det har ingenting med blomster å gjøre, men fenomenet oppstår om høsten og tidlig vinter under spesielle værforhold hvor det har vært kuldegrader, etterfulgt av mildere vær, ofte med varmegrader og tåke om morgenen.
Man tenker ikke over at det kan være is, og noen tror det er sopp (for så vidt riktig) eller bomullshår. Visne greiner, kvister, stengler og strå som ligger er vannmettet på bakken fryser og vannet blir stående under trykk. Det er små brister i veden, dessuten er det mange små porer i vedvevet hvor det frosne vannet tyter kapillært ut som hvitfargete hårformete sukkerspinnlignende krøller fra det indre frosne, når værforholdene er de rette hvor frosten etterfølges av mildvær med fuktig luft.