nyhende

Harde frontar i debatt om Fylkesveg 541

Ei av dei vanskelegaste sakene skapte høg temperatur i kommunestyret. Detaljeregulering av Fylkesveg 541 vart handsama med grunneigarane til stades i salen. John Anders Semb (TvF) kom med ei oppmoding før røystinga: – Me må tenka med hjartet i denne saka.

Publisert Sist oppdatert

Mange lokalpolitikarar hadde mykje å seia i den vanskelege saka om detaljeregulering for Fylkesveg 541 mellom Krossleite og Grimstveit. Dei utan talerett sat på bakarste benk og venta på å få vita om bønene deira vart høyrde eller ikkje. Blant publikum var det både tilhengarar og motstandarar av vedtaket, noko kommunestyret spegla tydeleg under innlegga.

– Dei kreftene som pushar på vegen er mektige. Veg vil koma, men kva veg? sa Asle Georg Halleraker (TvF).

For og imot

Han heldt eit toreinnlegg som varte lengre enn tildelt tid. På slutten fekk han lesa opp heile det opphavelege vedtaket så publikum skulle få høyra bakgrunnen for saka og misnøya til motstandarane. Tilhengarane av vedtaket svara med å visa til deira argument: tida går og Sveio risikerer å mista finansiering til vegen.

– Trafikkauken vil koma uansett. Smir me ikkje no vil me få problem, sa Mikal Møller Hovda (H) frå talarstolen.

Han viste til at fylkeskommunen har tydeleg sagt at Sveio må gjera eit vedtak og det snarast. Elles fall vegen ut av Regional Transportplan (RTP), og dermed ut av finansiering. Samstundes peika Hovda på at å ikkje gjera eit vedtak berre vil forsinka ei allereie vanskeleg sak ytterlegare.

– Skal me endra på plan må me laga ein heilt ny ein, og om fem årkan me stå i ein lik situasjon som i dag, sa han.

– Tre gonger så mykje trafikk

På same side som Hovda var Jarle Jacobsen (KrF) og Linn Therese Erve (Ap). Jacobsen viste til sin motorsykkeltur med fylkesordføraren tidlegare i år, og fortalte om den klare beskjeden han fekk den gong.

– Han hadde ein ting å seia. «Den planen de har må dykk vedta elles så mister dykk den», sa Jacobsen og la til:

– I Langevåg (på Bømlo) utset dei ikkje auken i trafikk, så i mars vil det rulla tre gonger så mykje trafikk som i dag uansett, avslutta Jacobsen.

Med tungt hjarte

Halleraker kontra tidlegare i debatten at planarbeid alltid tek tid, og at han ikkje kjøpte det han omtala som ein trugsel frå fylkeskommunen.

– Det er mogeleg å koma inn på RTP att. Dei rullerer den årleg, sa han.

Erve gjekk på talarstolen og sa ho ville røysta for vedtaket med tungt hjarte. Ho understreka at det var naudsynt å koma vidare.

– Den auka trafikken kjem, og den kjem uansett om me vedtek ein plan eller ikkje. Det må me ta inn over oss sa ho.

– Tenka med hjartet

Halleraker sin partikollega John Anders Semb heldt kvelden sitt kortaste innlegg på nokre sekund.

– Eg meiner me må tenka med hjartet i denne saka her, sa han og gjekk av talarstolen.

Etter eit gruppemøte var kommunestyret klare for å røysta.

– Er det nokon andre som skal utstyra seg med papir? spurde ein grunneigar andre i publikum i nærleiken føre røystinga.

Forslaget til Halleraker (TvF) fekk sju røyster og fall. Så røysta dei over Vibeke Enerstvedt (Frp) sitt forslag kor tre frå Framstegspartiet reiste seg, saman med dei to frå Industri-og Næringspartiet, Semb og Halleraker frå TvF, MDG sin representant og to frå Arbeidarpartiet.

– Fleirtalet let seg pressa

Ein synleg oppgjeven Halleraker rista på hovudet då han såg rundt seg. Det var ti representantar og ikkje nok for å vinna over formannskapet sin tilråding, som dermed vart røysta gjennom.

– Eg følte fleirtalet let seg pressa av trugslane om at det ikkje ville verta veg, sa Halleraker i pausen etter røystinga.

– Men vegen er viktig for Sveio og treng utbetring. Er det ikkje viktig å behalda finansiering?

– Eg trur ikkje på det, Vegen den kjem uansett. Eg synest den lokale sjølvråderetten forsvinn, sa han.

MERKNAD:
I første utgåva av saka, i biletteksten til det opphavelege hovudbiletet, stod det at Alf Edvin Hovda føre røystinga meinte at kommunen burde belysa konsekvensane av vedtaket betre. Hovda vart feilsitert. Han sa at viss det har gått ei stund etter ferdigbygd veg Fv. 541, og det kjem fram uholdbare konsekvensar, må ein då kunna ta opp konsekvensane til vurdering. Biletet er no byta ut og teksten fjerna. Me ber om orsak.

Powered by Labrador CMS