nyhende

Kjetil Fosse og nabojenta Hedda Brueland Mundal ved den næraste lyktestolpen til garden. Den har «Amy» gitt ein skikkeleg dytt. Foto: Kjell Olav Fosse
Kjetil Fosse og nabojenta Hedda Brueland Mundal ved den næraste lyktestolpen til garden. Den har «Amy» gitt ein skikkeleg dytt.

Har vore utan straum sidan fredag

Like før midnatt fredag gjekk det i svart hos sauebonde Kjetil Fosse på Tveit. Sidan har garden vore utan straum.

Publisert Sist oppdatert

– Eg oppdaga det då eg kom heim klokka 00.30 laurdag, og straumen gjekk truleg ein liten time før det. Etter det har eg fått testa korleis det er å leva utan straum. Det er litt spesielt, men har gått heilt fint. Det einaste eg tenkjer litt på er korleis det ser ut i frysaren etter kvart, seier Fosse.

– Garden har klart seg bra

Han driv med sau, og det har gjort at gardsdrifta ikkje har hatt problem under det langvarige straumbrotet. Her er det til dømes ingen mjølkemaskiner som treng straum.

– Sauene går ute og har klart seg heilt fint. Garden har elles klart seg bra under uvêret. Det einaste er at det elektriske inntaket til huset er avrive. Det må ein elektrikar fiksa, og eg reknar med det blir ei forsikringssak.

Tok takstein og takplater

«Amy» var kraftig nok også på Tveit, og Fosse fortel at fleire av nabohusa fekk skadar.

– På nabohuset, der foreldra mine bur, tok vinden ein del takstein. Hos ein annan nabo gjekk det nokre takplater. I går (laurdag) var eg begge stader og hjelpte til å med å fiksa taka.

Kjetil Fosse og hundane dreg no på ettersanking av sau på Haukeli. Han manglar to sauer med lam. I beitelaget totalt er det 23 sauer med lam som skal hentast.

Har ikkje tid til å venta lenger

Fosse har vore i kontakt med Haugaland Kraft fleire gonger i løpet av desse dagane, og ventar framleis på at Fagne skal koma.

– Dei har hatt det travelt, men lova å koma innan klokka 16.00 laurdag. Det vart utsett til midnatt, før det nok ein gong blei utsett til klokka 16.00 i dag. Det overraskar ikkje om det kjem ei ny utsetting. No er eg på veg til Haukeli på ettersanking av av sau. Me skulle vore oppe i helga, men utsette det på grunn av vêret. På hytta er det forhåpentlegvis straum, seier han med eit smil.

Straumlause i Straumavegen

Ved midnatt var det ikkje ein einaste raud prikk å sjå på kartet til Fagne. Infoen til kartet viste også null kundar utan straum. Søndag morgon var kartet oppdatert med 473 straumlause kundar.

10-15 av desse var heimehøyrande i Sveio. Mellom anna var delar av Straumavegen på Vikse framleis straumlaus. Der er det håp om at ein slepp å kokka kaffi på vedomnen om ikkje så lenge. Fagne var på plass med mannskap i 12.30-tida.

Fagne på plass i Straumavegen på VIkse.
Powered by Labrador CMS