nyhende

Thomas Simonsen i Førde ser helst at fylkesgrensene ikkje blir endra.
Thomas Simonsen i Førde ser helst at fylkesgrensene ikkje blir endra.

Har trua på Vestland

Tilhøyrsla til Vestland står sterkt i nord. Dette kom klart fram då Vestavind besøkte valkontoret i Førde måndag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Thomas Simonsen frå Førde ønskjer å bu «heima», med det meiner han å forbli i Vestland fylke. Han var difor ikkje i tvil om kva han skulle stemma då han kom til vallokalet måndag.

Når me spør om han vågar spå utfallet om folkerøystinga svarar han:

– Det er vanskeleg å vita, men eg har tru på at det blir Vestland. Eg likar ikkje forandring, eg saknar Hordaland også forresten, legg han til.

 Drivar av Einstadbøvoll gard, Andres Blytt kjem saman med sonen Henrik, begge er opne om at dei stemmer for Vestland.

– Det var ingen som nemnde noko om verken skule eller fylkesbyte ved sist kommuneval, og nå er ikkje Vestland meir enn to år gamalt. Dette kunne me fått innarbeida før me fekk ein ny runde, meiner Andres Blytt og sonen Henrik.

– Eg håpar at det går vegen, seier Andres når han kjem ut frå stemmelokalet.

– Viss det skulle bli Rogaland, kan det splitta kommunen?

– Nei, då har me jo fått eit resultat, og me må forhalda oss til det. Men dei kan ikkje koma to år etterpå og sei at dei angrar, kommenterer far og son Blytt.

Mykje å kjempa for

Med skulenedlegging i nær fortid og nå med mogleg fylkesbyte, har Vestland-tilhengarane mykje å kjempa for. Det er valestrendingane samde om.

– Me skal liksom ikkje få fred. Det var ingen som nemnde noko om dette ved siste kommuneval, verken om skule eller fylkesbyte. Nå er ikkje Vestland meir enn to år gamalt, me kunne fått innarbeida det før ein fekk ein ny runde, kommenterer Andres Blytt.– Det er pengar rett ut vindauget. I staden for å bruka pengar på ein rapport frå Telemarksforskninga, ville det til dømes vore meir fornuftig rusta opp vegane, det er mange hol dei kunne fyllt i, seier odelsguten Henrik.

Ole Bjørn Bjordal og Ole Kalkvik, naboar og førdebuar, er samde om at å forbli i Vestland er det beste alternativet.

Ole Bjørn Bjordal, busett i Førde, likar å halda på det gamle. Han trur at resultatet av folkerøystinga endar med overvekt av stemmer på Vestland.

– Viss det skulle bli Rogaland må me leva med det, men aller helst ønskjer eg at me skal halda fram som før, seier førdebuen.

— Gå rett til Haugesund 

Ole Kalkvik, også han frå Førde, påpeikar at Telemarksrapporten i altfor stor grad er retta mot Haugalandet. Han meiner den burde vore meir retta mot Vestland. Han tykkjer det er eit litt dårleg opplegg.

– Kva vil dette kosta? Og kor vil dei ta pengane frå? Slike ting er jo ikkje teke med i det me no stemmer på, seier Kalkvik. Han er redd det kan bli dyrt å skifta fylke.

– Kva fylke endar Sveio opp i til slutt?

– Eg trur utfallet av avstemminga blir Rogaland, i og med at eit stort fleirtal av dei som bur i Sveio sentrum har gitt uttrykk for at dei vil sørover. Men viss me skal til Rogaland, kvifor ikkje gå rett til Haugesund for å sleppa kostnaden to gonger. Slik Telemarks-rapporten tek for seg vil det for vårt distrikt vera den største fordelen å få slått saman Haugalandet og fått Etne med, påpeikar førdebuen.

På plass i Førde samfunnshus for å organisera folkerøystinga, frå venstre Kristin Hovland, Elise Austvik og Lillian Wirkola.

 

Powered by Labrador CMS