nyhende

Har tatt vare på heimelaga Sveio-bil

Er denne kjøredoningen som Leif Tore Haukås henta opp av ei myr på garden Kleivo i Vandaskog sist haust, den einaste bilen som er blitt bygt av sveibuar — til bruk i Sveio?

Publisert Sist oppdatert

Haukås meiner svaret truleg er ja. Konstruktørane av bilen var Sigurd Vierdal frå Eltravåg og Hans Vandaskog frå Vandaskog. Vierdal arbeidde på den tida på ein karosserifabrikk på Solvang i Haugesund, der dei i den første etterkrigstida bygde busskarosseri.

Haukås meiner mesteparten av arbeidet med sveiobilen må ha blitt utført der. Bilen hadde stålramme og karosseri av aluminium og galvaniserte stålplater på trespant. Ramma var sveisa saman, og det arbeidet kan i alle fall ikkje ha blitt utført på Vandaskog eller i Eltravåg. Der var det nemleg ikkje straum til sveising i siste del av 1940-åra, då bilen blei bygt, kommenterer Haukås.

I bruk nokre få år

Det var like etter krigen dei to kameratane gjekk i gang med å byggja sin eigen bil.

I den første etterkrigstida med rasjonering av mange vareslag, deriblant bilar. Dette var vel dette den einaste måten å skaffa seg bil på, reflekterer Haukås vidare.

Den vesle kjøredoningen blei utstyrt med motorsykkelhjul og bakaksling frå ein Tempo Transport motorsykkel. Motoren var noko større enn dei 125-kubikkarane som sto i Tempo Transport-syklane, men Haukås kjenner ikkje til kva merke det var.

Etter alt å døma var bilen i bruk berre nokre få år. Johannes Vandaskog, bur på Kleivo i dag, men er ingen nær slektning av dei som bygde bilen. Han kan så vidt hugsa bilen i bruk frå barndommen tidleg på 1950-talet.

Spende geitebukk framfor

I 1955 blei Kleivo selt. Då blei bilen ståande igjen, men etter alt å døma utan motor. Ein hyttenabo til Kleivo har fortalt til Haukås at ho hugsar borna brukte å spenna ein geitebukk føre bilen og bruka han til vogn.

Så seint som i 1970 er bilen synleg i tunet på eit flyfoto, fortel Haukås. Då Johannes Vandaskog overtok garden var han derimot dumpa i myra.

Haukås har ingen planar om å restaurera det unike kjøretøyet. Til det er forfallet kome for langt. Men han vil ta vare på bilen slik han er, som minne om eit svært lite, men spesielt kapittel i Sveio si samferdselshistorie.

Powered by Labrador CMS