nyhende
Har starta prøveproduksjon av eplesider
Sveio kommune har gitt grønt lys til at Lid Lesk og Landbruk fått utvida løyve til gardsutsal av eigenproduserte, alkoholhaldige drikkevarer.
– Det er heilt utruleg kjekt! Eg vart veldig entusiastisk då eg fekk meldinga. Det er klart at når ein legg krefter i å starta med noko, og har trua på prosjektet sjølv, så er det ekstra motiverande når ein føler at kommunen er med på laget. Samstundes er det jo først nå at jobben for alvor startar, kommenterer Odin Lid.
I fjor kjøpte han heimegarden på Oa, der han er fødd og oppvaksen. No ser 33-åringen for seg å veksla mellom det å vera byråkrat i Oslo og sider-bonde på garden.
Testa presseutstyret
Etter at løyvet vart gitt, fekk han med seg nokre kompisar på å presse epler og sette dei første tankane med eplesider. Nå står det omtrent 500 liter eplesaft og gjærar på Oa, og den vert forhåpentlegvis ferdig og klar for sal utpå våren ein gong.
– 500 liter er ikkje så mykje i denne samanhengen, men det viktigaste for oss var å testa presseutstyret og å få litt erfaring med å laga sider med større utstyr, opplyser Lid.
Epletreplanting neste
Første helga i november er planen å planta 600 epletre av sortane Discovery, Aroma og James Grieve. Det betyr at alt neste haust er det håp om noko eigenproduksjon.
– Dette kjem til å bli ein læringsprosess, der både produksjonen og smaken skal bli betre år for år. Men då er me sjølvsagt avhengige av at sveibuen gir tilbakemelding utan å leggja fingrane imellom, ler Odin Lid.
Ifølgje regelverket kan ein få kommunalt løyve til produksjon og gardssalg av drikke i gruppe 2 – altså opp til 22 %. Då er det eit krav om at minst ein tredjedel av «innsatsvarene» er dyrka fram på garden.