nyhende

- Det er svært skuffande at fylkestinget ikkje ser verdiane av å knyta fylket saman med Hordfast, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio.

Har starta på vegen mot Rogaland

Eit samrøystes formannskap i Sveio gjekk onsdag kveld inn for å starta ein prosess som kan føra til skifte av fylke til Rogaland.

Publisert Sist oppdatert

Det vart eit uvanleg langt fylkestingsmøte tysdag under handsaminga av prioriteringar til Norsk Transportplan (NTP). Det gryande opprøret i sunnhordlandskommunane etter at fylkesutvalet sitt forslag til vedtak ikkje nemnde Hordfast, var med på å prega debatten. Utfallet blei likevel ikkje det Sveio og dei andre kommunane hadde håpa på.

I vedtaket står det at fylkestinget opprettheld visjonen om ein ferjefri E 39. Heller ikkje her er Hordfast nemd med eit ord.

Blir ikkje sett og høyrt

– Her blir det lagt opp til omkamp om trasé og dermed trenering av saka. Det er svært skuffande at fylkestinget ikkje ser verdiane av å knyta fylket saman med Hordfast. Når Sunnhordland ikkje blir sett eller høyrt, må me sjå på om det gagnar Sveio betre å vera ein del av Rogaland, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Eit samla formannskap gjekk inn for forslaget til vedtak om at

1. Formannskapet ber rådmannen utarbeide sak til kommunestyret og gjere greie for kva prosess og prosedyre kommunen må følgje dersom Sveio ynskjer å søkje flytting til anna fylke.

2. Ordførar vert beden om å ta kontakt med andre sunnhordlandskommunar for å undersøkje interessa for ei felles konsekvensanalyse for dei involverte kommunane ved eit evt. skifte av fylke.

Ser på konsekvensane

– Dette er starten på ein prosess der me ser på konsekvensane ved eit byte av fylke. Fordelar, ulemper og kostnadar. Det er fornuftig å få med andre som har same tankar som oss i denne prosessen og sjå på kva mogelegheiter me har saman. Og om det er betre å jobba for eit samla og sterkt Sunnhordland og Haugalandet i Rogaland, seier Erve.

Vedtaket i fylkestinget tysdag, er langt og omfattande. Det som var avgjerande for Sveio formannskap sitt vedtak, er det som står i punkt 7 a og b:

Vedtaket

a) Av omsyn til stor rasfare og mange ulukker er Vestland fylkesting si hovudprioritering rassikring av E16 og Vossebana mellom Bergen og Voss, og Vestland fylkesting held fast på tidlegare vedtak om utbygging etter K5-alternativet for ny E16 og Vossebana. Det må startast vidare planlegging av strekninga Stanghelle-Voss for å legge til rette for samanhengande utbygging på strekninga Bergen-Voss. Reisetida på Bergensbana må kome ned mot 4 timar mellom Bergen og Oslo.

b) E39 er den mest sentrale transportkorridoren for heile Vestlandet og må prioriterast som hovudferdselsåre med tilstrekkeleg standard for å binde landsdelen saman, og for å styrke sambandet med Europa. Det må utarbeidast ein samla plan for utbygging av denne ferdselsåra.  Fylkestinget opprettheld visjonen om ein ferjefri E39. Ein ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen gjev store samfunnsvinstar og auka verdiskaping i regionen og landsdelen.

Powered by Labrador CMS