nyhende

Stemninga var god då den ferske klinikkdirektøren, Sunniva Austlid, viste styret rundt på Stord sjukehus. Til venstre administrerande direktør Anders Hovland og styreleiar Petter Steen jr. til høgre.
Stemninga var god då den ferske klinikkdirektøren, Sunniva Austlid, viste styret rundt på Stord sjukehus. Til venstre administrerande direktør Anders Hovland og styreleiar Petter Steen jr. til høgre.

Har snudd minus til pluss

Helse Fonna enda med eit positivt driftsresultat i september. Sist gong det skjedde var i februar 2021.

Publisert Sist oppdatert

Verksemdrapporten for september viser positive teikn på dei fleste felt. Økonomisk går drifta betre for kvar månad, og i september var driftsresultat i Helse Fonna på den positive sida for første gong sidan februar 2021. Driftsresultatet for september enda på 3,7 millionar kroner. Totalresultatet er 1,1 millionar kroner, skriv kommunikasjonssjef Magne Kydland i Helse Fonna.

– Den økonomiske snuoperasjonen som Helse Fonna no er i ferd med å gjennomføra, hadde ikkje vore mogeleg utan det gode arbeidet som blir gjort på alle nivå i organisasjonen. Medarbeidarane gjer ein fantastisk jobb kvar dag for både å tilpassa drifta til dei økonomiske rammene og sikra god kvalitet og reduserte ventetider. God leiing og dedikerte medarbeidarar gjev resultat, slår styreleiar Petter Steen jr. fast.

Investerer i bygg på Stord og i Haugesund

Betre økonomi gjer ein også i stand til å investere i bygg og infrastruktur. Ombygging og oppgradering på Odda sjukehus og ny sikkerheitspost på Valen sjukehus står allereie på planen. No blir det også sett av midlar til investeringar på Stord sjukehus.

Byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus er godt i gang og held seg innanfor planen både når det gjeld framdrift og budsjett. Betring i økonomien i føretaket gjer at styret vedtok å realisere alle nybyggopsjonane i byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus.

–  Høge renter og inflasjon gjorde at vi var usikre på om vi kunne innreie heile nybygget. No har vi betre resultat i drifta i Helse Fonna. Dersom vi realiserer desse opsjonane no blir det langt billegare enn om vi skal gjere det seinare, seier Laila Nemeth, direktør for Bygg, drift og eigedomsutvikling i Helse Fonna.

Utskrivingsklare pasientar skapar bekymring

Helse Fonna følgjer opp Ventetidsløftet, og det er sett i verk ei rekke tiltak for å redusere ventetidene vidare. Tala syner at det er ein auke i aktivitet på alle område i september samanlikna med føregåande år som også hadde ein vesentleg aktivitetsauke.

Litt over halvparten av dei tilviste kjem til føretaket for øyeblikkeleg hjelp, og her er det auke, både samanlikna med føregåande månad og for året samla. Det er ein vidare auke i bruk av digital behandling som er ei prioritert og ønska utvikling.

Det som ikkje er like positivt er at talet på utskrivingsklare pasientar framleis går opp, og er bekymringsfullt høgt. Samla syner tala at ei vesentleg del av kapasiteten i føretaket vert nytta på pasientar som kunne fått eit betre tilbod i kommunen sin.

Powered by Labrador CMS