nyhende
Har skrive fabel frå vikingtida med utgangspunkt i Tittelsnes
Langt tilbake i tid var Tittelsnes kjend som Titolvsnes, Titolv var truleg namnet på ein hovding eller konge i si tid. Alt ein ikkje veit om denne tida har pirra Magnus Skåden. No er han klar med ein fabel om korleis kong Titolv og folket rundt han kan ha levd.
Magnus Skåden (f. 1953) er fødd og oppvaksen på Tittelsnes. Han er opptatt av historie, og har mellom anna gitt ut ei bok med tittelen «Tittelsnes før i tio». Det siste året har han fordjupa seg i gamle soger, skaldedikt, segn, stadnamn og lokale funn frå vikingtida. No er han klar med ei ny bok frå same stad.
Skilnaden er at handlinga går så langt tilbake i tid, at han delvis har dikta opp handlinga om personane som budde der – i samspel med hendingar som vitskapen meiner er truverdige, med utgangspunkt i mannen som truleg gav namn til Tittelsnes.
Tømmerhandel i Aalfjorden
– Boka har form som ei fabel frå vikingtida, hovudpersonane held til i nordre del av Sveio. Fabelen er konsentrert om det som kan har vore eit mindre rike styrt av ein småkonge i tida før Harald Hårfarge samla Noreg, fortel Skåden.
I dei første kapitla blir kongsgarden og dagleglivet på Gramshoug skildra. Mange folk budde hos kongen, familie, husfolk, trælar og lausfolk. Ein haustdag seglar Titolv med far sin, kong Eirik inn Aalfjorden for å tinga seg tømmer av bøndene der inne, først Ræykjenes (Røykenes), der to storbønder tar dei i mot. Når dei byr fram ueigna materiale, blir kongen sint, men får til slutt tømmer av rette slaget, mot betaling i sølv.
Gode medhjelparar
– Eg kan ikkje påstå at det som er skildra er sant, men det er svært sannsynleg. Eg har prøvd å leggja til grunn alle vitskaplege fakta om klede, mat, levesett, båtar, vikingferder – alt frå denne tida, slik at ein kan læra om vikingtida og korleis det var, fortel Skåden.
Han har jobba med boka i nesten eitt år, men ikkje aleine.
– Eg har fått veldig god hjelp av Torill Borge Horneland, som er eit fagmenneske når det kjem til bøker, rosar Skåden, som også har fått hjelp av svogeren sin for å sjå til at alt er historisk korrekt når det gjeld ulike uttrykk.
«Kong Titolvs saga» er gitt ut på eige forlag, i første omgang er det trykt opp 150 eksemplar. Dette blir forfattaren si tredje bok, og han meir spent på kva folk vil synast denne gongen. Dei to førre bøkene tok føre seg historiske fakta.
– Dette er uvant, og eigentleg er eg nervøs for mottakinga. Enten blir det som ein halvdårleg 9. klassestil, eller så vil folk finna det interessant, oppsummerer 67-åringen, som delvis har drive som arkitekt i arbeidslivet.
Illustrajonar frå dottera
Det gjer også dottera Turid Skåden (29) som er busett i Bergen. Dei to har glede av kvarandre både når det gjeld faglege ting og bokarbeid, Turid står nemleg for illustrasjonane i boka.
Alt i alt er Skåden nøgd med det ferdige produktet.
– Eg er overraska over kjeldematerialet, det var meir avansert i den tida enn eg var klar over, seier Skåden, som har latt seg inspirera av boka «Den svarte vikingen»