nyhende

Har skapt sin eigen sommarjobb

Like før sommarferien sto ungt entreprenørskap på timeplanen for tiandeklassingane ved Sveio skule. Dei fleste elevane satsa på prosjekt som varte i tre dagar. Men ikkje kompisane Peder Robberstad Vold og Noah Osnes Lønning.

Publisert Sist oppdatert

StolPåOss er firmanamnet deira. Produktet dei har satsa på, hagestolar, har blitt så populært at 15-åringane i røynda har skapt sin eigen sommarjobb. Den utfordringa har dei tenkt å ta.

Lang bestillingsliste

– Så langt har me laga 15 stolar, men totalt har me fått bestilling på 36 stolar til no, fortel dei unge entreprenørane.

Vestavind møter dei i produksjonslokalet deira, i ein garasje heime hos Peder på Lokna.

– Det var pappa som foreslo at me skulle laga slike stolar. Han har tidligare laga nokre tilsvarande stolar til oss sjølve, fortel Peder.

Pappa Svein Lokna Vold har også stilt verktøy til disposisjon og støttar opp om når han kan, mellom anna med innkjøp av materialar. Til kvar stol trengst lekter, gjengestenger, skiver og mutrar.

Dei har fått laga malar til alle delane av tre. Noah har i oppgåve å skjera til delane, medan Peder borar hol til metallstengene. Begge er saman om monteringa.

– Det går kanskje med ein time til å montera kvar stol, seier gutane.

Tidsbruken er ikkje så lett å måla, for dei dei brukar først å tilpassa deler til mange stolar. Deretter monterer dei ei rekke stolar før dei går tilbake til kapping og boring.

Noah Osnes Lønning og Peder Robberstad Vold med nokre av dei ferdige stolane.

Minimal marknadsføring

Det ligg minimal marknadsføringsinnsats bak stolsuksessen på Lokna. Mødrene til dei to gutane har sendt eit par snappar og facebook-meldingar til vener og kjende. Elles er det mest jungeltelefgrafen som har vore i bruk.

Introduksjonstilbodet frå StolPåOss var 600 kroner per stol og to for 1.000.

– Dei fleste har kjøpt to. Og ein av dei som først kjøpte to, har kome tilbake og bestilt åtte til, fortel Peder si mamma Kristin Robberstad.

Ho hjelper til med salet. Etter kvart ser gutane at dei må leggja litt på prisen for å få rimeleg forteneste. Stolane blir levert trekvite. For eventuell beising reknar dei seg også eit lite tillegg.

Peder Robberstad Vold viser fram ein av malane dei brukar. Elles er det hans jobb å bora hol til metallstengene.

Vil på sjøen

Både Noah og Peder synest ungt entreprenørskap med oppstarting av bedrift, arbeid med budsjett og kalkulering av kostnader har vore svært lærerikt. Trass i iveren dei no viser for trearbeid, er det framtidige arbeidsplassar på sjøen dei begge drøymer om.

– Me har begge søkt på akkurat dei same linjene på vidaregåande. Skuleskipet «Gann» står på førsteplass, men der er snittet svært høgt. På andreplass har me elektro, så TIF på Karmsund og deretter naturbruk på Bømlo, fortel dei.

Og medan dei storkosar seg med stolproduksjonen i garasjen, ser dei fram til å få svar på søknadene sine.

Noah Osnes Lønning har ansvaret for å skjera til delane av tre etter malane dei har fått laga.
Powered by Labrador CMS