nyhende
Har skapt fleire titals arbeidsplassar i Sveio: – Me skapar gjerne fleire
Det er god stemning hjå Birkeland AS på Ekrene næringspark, og dei angrar ikkje at dei flytta hit. Planen er å halda fram å veksa, og mogelegvis setja ny rekord i omsetting.
På møterommet i andre etasje til Birkeland AS er det ryddig og fint, men om ein ser etter kan ein sjå teikn på feiring.
– Det heng igjen litt glitter og pynt etter ei feiring ei tid tilbake, humrar Kai Peder Birkeland, dagleg leiar i Birkeland AS.
Både han og prosjektleiar Helge Mundal smiler når dei ser gåvene som står att for den gong. Mellom anna står det eit lite kunstverk av sjefen sjølv, eit portrett i metall. Det vart gjeve den 28. oktober i år, då selskapet fylte 25 år.
– Då var me samla 300 mann, seier Birkeland.
Håpar på ny rekord
Medan dei ser tilbake på dei 25 åra dei har bak seg, så har dei også mykje bra å sjå framover til.
– Det går mot nok eit rekordår, men det står att å sjå korleis dei siste seks vekene vert, seier Birkeland.
– Det ser godt ut så langt, seier Mundal.
Førre året hadde dei omsetting på 208 millionar kroner. Vekst i omsetting har gått i takt med talet på tilsette.
– Me i Birkeland er 80 mann, og så har ein Birkeland & Tyse Bergsprenger som er 5 mann, seier Birkeland.
– BJ Kran og Transport er 10, seier Mundal.
– Og anleggsgartnarmeister Håkon Bjørndalen er 15 mann, seier Birkeland.
Frå 80 til 110
110 personar dreg kvar dag på jobb til bygget deira, og dei er sikre på at dei er kommunen sin største private arbeidsgjevar. Då dei flytta til Sveio frå Avaldsnes i 2021 var det nokon færre tilsette. Saman med flyttelasset kom 55 tilsette, som vart til 80 tilsette då dei samstundes kjøpte opp Halleland.
– No er me 110, så me har skapt og flytta 85 arbeidsplassar til Sveio, seier Birkeland.
– Me skapar gjerne fleire, seier Mundal.
Leiinga er veldig nøgd med Sveio på det jamne, og dei tilsette er godt nøgde grunna plasseringa.
– Me har tilsette frå Etne og Bømlo til Skudesnes. Det er betre å vera på Ekrene, særleg for dei frå Bømlo og Stord, seier Birkeland.
Glad for interesse frå kommunen
Den siste tida har dei merka ei auka interesse frå kommunen, noko dei sterkt ynskjer velkomen.
– Dei har vore meir på ballen, seier Birkeland.
Fleire potensielle prosjekt avheng av effektiv kommunikasjon med det offentlege, ofte eit «ja» eller «nei».
– Viss me ikkje får svar i tide, så ryk det potensielt ein jobb, og mogelegvis arbeidsplassar, seier Mundal.
Birkeland og Mundal har forståing for kor krevjande det kan vera eininga plan, bygg og eigedom å gje raske svar. Men viss Sveio skal vera like næringspositiv som mange parti snakka om under valkampen er dette naudsynt.
– Me har eit godt forhold til Sveio og kommunane rundt. God dialog er viktig for oss, seier Mundal.
– Kva treng de som selskap frå kommunen?
– Raskare svar, raskare avklaring om noko er mogeleg eller ikkje. At me kan sjå løysingar i staden for berre kva som er problem, seier Mundal.
Kamp om lærlingar
Berre ein kort rusletur frå kontoret ligg eit større område som dei held på å opparbeida. Der skal dei ta ut stein som kan brukast til prosjekt, og samstundes utvida næringsparken.
– Kva prosjekt jobbar de med no?
– Det er jo E39 frå Drange til Hanaleite kor det skal koma gangsti og lys. På Frakkagjerd i Tysvær gjer me klart til 150 nye bueiningar. Og nyleg har me flytta 80.000 kubikk på tre månadar for Optimera som skal flytta til Raglamyr. Dei er no godt i gong med betongarbeid, seier Birkeland.
Blant dei til saman 110 tilsette har dei også 12 lærlingar. Dagens arbeidsmarknad gjer at det vert kamp om dei som utdannar seg, samstundes som linjene som undervisar i bygg og anlegg er fulle.
– Det er stor etterspurnad etter lærlingar, og nokre selskap nærmast «headhuntar» dei, seier Birkeland.
Mange søknadar
Dei tek imot mange søknadar på kvar stilling dei lyser ut, men ikkje alle som søker er kvalifiserte. Birkeland har med eigne auge sett endringa dei siste tiåra.
– Før såg barn med store auge på gravemaskin, no er det meir telefonen dei ser på, humrar han.
– Kor trur de selskapet er i Sveio, om fem år?
– Det er eit godt spørsmål. Me trur på framleis vekst, svarar Mundal.
– Me må heile tida rusta oss for framtida, svarar Birkeland.