NPK: Sidan 2014 er om lag 1.200 hummarhus sett ut frå indre Oslofjord til Sveio i eit forsøk på å få arten til å trivast betre.
Arten er i ferd med å døy ut, ifølge Artsdatabanken. Der er hummaren raudlista.
– Hummaren er sterkt trua i Oslofjorden, der den manglar stader å skjule seg og leveområde, seier marinbiolog Sondre Andre Ski i Foreningen Hummerhus til NRK. Denne sommaren skal derfor 50 nye hummarhus setjast ut ved Sandefjord.
Foreininga er ein non-profit organisasjon. Dei sel hummarhus til lag og foreiningar som er opptekne av hummaren eller vil byggje opp sjøbotnen etter at det er gjort inngrep. Tak over hovudet skal hjelpe den trua hummaren til å trivast betre, og gi det vern.
– Tilbakemeldinga vi har fått, er at det har vorte større bestand der dei er sett ut, seier Ski.
Forskar Alf Ring Kleiven ved Havforskingsinstituttet følgjer med på utviklinga av hummarbestanden i Noreg. Han synest det er bra folk engasjerer seg for å ta vare på hummaren.
Han kjenner ikkje til forsking som viser om hummarhus har ein nasjonal effekt, men i lokale område med få gøymestader og i fredingsområde, kan husa potensielt ha ein positiv effekt ved å halde på meir hummar i området, trur Kleiven.
Han seier det generelt langs norskekysten ikkje er mangel på gøymestader som avgrensar bestanden. Det er fisking som gjer at bestanden er på eit lågt nivå.