I sommar sette dei opp eit reklameskilt for deira nye bustadsprosjekt i Sveio. No har det gått nokre månader og Bømlo Hus kan melda at det går framover.
– Status er at byggesøknader er sendt, skriv dagleg leiar Per Kåre Kallevåg i ein sms.
Søknaden vart sendt inn onsdag den 11. oktober, og dei reknar med nokre veker med handsaming før dei får svar.
– Me håpar på oppstart om fire til fem veker, eller så snart me har byggeløyve, skriv Kallevåg.