nyhende

Har selt over 17.500 softisar

Det har vore ein god sesong for softismaskina på Haukås. Over 17.500 softisar er selt sidan mars. – Eg vil tora å påstå at me har den beste softisen, seier dagleg leiar Emma Kinn.

Publisert Sist oppdatert

Vårteikn på Vestlandet kan vera mangt. Smeltande snø, at det sluttar å sludda, eller herleg fuglekvitter.

Eit fjerde teikn på naturen i endring finn du bak disken på Haukås bensinstasjon, når softismaskina kjem fram.

– Sesongen startar når vinterferien byrjar og sluttar etter haustferien, seier Emma Kinn.

Sidan ho var barn

Ho har jobba i butikken sidan ho var liten, og i november i fjor vart 20-åringen dagleg leiar. Ho viser gladeleg fram rekneskapsprogrammet som kan fortelja om softis-salet.

– Om sommaren ligg me på mellom 200 til 500 softisar om dagen, seier Emma.

Allereie no har dei passert 17.500 softisar, og det er framleis fleire veker igjen.

– Frå 27. februar til 15. september selde me 11.308 små og 6.622 store, som totalt vert 17.930 softisar, seier ho.

Med eigne auge har ho sett korleis ryktet har spreidd seg nordover og sørover langs E39. Og ho innrømmer sjølvsagt at dei er stolte, men understrekar at det ikkje er utan grunn.

– «Hemmeligheita» vår er at me vaskar den ein gong i veka, og me er veldig nøye med vaskinga, seier Emma.

Fagfolk sver til den

Faren hennar Thor Kinn kjem inn på kontoret undervegs i intervjuet. Han nemner rutinane for maskina, som mogelegvis ville gjort både flymekanikarar og karrieremilitære stolte.

– Maskina vert demontert fullstendig kvar gong me vaskar den, seier han.

Minstekrava er vask av maskin kvar tiande dag. På Haukås går dei den ekstra mila og vaskar pakningar, slangar og alle dei andre små bitane.

Den daglege leiaren meiner ein kan smaka kor godt dei tek vare på maskina.

– Når ein har med mjølkeprodukt er det viktig at ein vaskar ordentleg, elles vil det påverka smaken, seier Emma og legg til:

– Og så trur eg det er noko med kvaliteten på vatnet i Sveio.

Korkje far eller dotter kan seiast å vera objektive, men om ein ikkje trur dei, er det jo berre å spørja fagfolka sjølv.

– Servicefolka til Hennig Olsen et kun softis to stader. Ein av dei er Haukås. Kundar har faktisk ringt til Hennig Olsen for å spørja dei kvifor den er så god her, og ikkje andre stader, humrar Thor.

Innspel og debatt

Salssuksessen har faktisk leia til ein intern debatt på Haukås bensinstasjon. I høgsesongen, og dagar med fint vêr, har dei ei eiga kasse berre for softis. Men produksjonen held ikkje følgje med salet.

– Me har vurdert å få inn ei maskin til. Problemet er jo om maskina går tom når det er kø og me må fylla på, seier Emma.

Ei hyggeleg side av saka er innspela frå publikum, noko dei ynskjer velkomen.

– Mange ynskjer karamell eller ekte krokan, noko me ikkje har hatt. Men no har me fått inn karamellsaus, fortel Emma.

Ein større nasjonal debatt prega temaet softis tidlegare i sommar, då ein influensar meinte at storleikene på kvar softis var for store.

– Me prøver sjølv å halda oss innanfor ein fin storleik, svarar Emma.

Om lag ein elefant

Til slutt står ein naturlegvis att med spørsmålet kor mykje er eigentleg 17.500 softisar? For dei tilsette inneber det cirka 360 gonger kor dei har fylt ein ny pose med softis-blanding på maskina.

Men kva er storleiken eller vekta? Då krev det litt softis-matematikk.

Ein pose med softis-blanding er 10 liter. Salgskonsulent hjå Hennig-Olsen, Per Gunnar Larsen, fortel at kvar pose veg 10,5 kilo.

Når me omgjer antal softisposar til vekt vert det 3.764,25 kilo. Det er vekta til ein vaksen afrikansk flodhest, eller seks velfødde norske gardskyr, alt etter kva naturlandskap ein ynskjer å samanlikna softismengda med. Larsen bekreftar også kvaliteten på Haukås.

– Ja, den er veldig god, og eg et den fleire gonger i året. Du kan vera trygg på at det er god kvalitet når me et der sjølv, humrar han.

Størst i landet

Han er samd i vurderinga til Emma om kvifor smaken er god. Hyppig reinhald og jamn utskifting av softis fører til god smak. Når han sjekkar tala for softis i Noreg, kjem han med ei gledeleg nyheit til Emma og dei tilsette på Haukås.

– I stasjonsmarknaden i Noreg er dei størst i landet, seier Larsen.

For den daglege leiaren som har halde på sidan ho var barn, er det ikkje godt å vita talet på sjølvlaga softisar.

– Kor mange trur du at du sjølv har servert opp i gjennom åra?

– Å, herregud, det må vera mange, ler ho.

Powered by Labrador CMS