nyhende
Har rusta opp for over 40 millionar – no står nye Astruptunet klart
Nikolai Astrup henta mange av motiva frå heimtraktene og prøvde å gjenskape naturinntrykka derifrå. No er kunstnarheimen restaurert for over 40 millionar kroner. – Vi har prøvd å føre tilbake hagen og husa til slik dei var då Astrup sjølv budde her, fortel museumsleiaren i Astruptunet.
Offisiell opning av det restaurerte Astruptunet skjer laurdag 22. juni med dronning Sonja til stades.
I dei bratte skråningane på sørsida av Jølstravatnet i Sunnfjord bygde vestlandskunstnaren Nikolai Astrup (1880–1928) heimen sin. Drygt 100 år seinare er det framleis ånda til Astrup som pregar tunet. Trass i at det denne sommaren er nyopning av museumstunet har publikum gjennom alle dei fem åra med opprusting hatt tilgang.
– Det var eitt av dei sterkaste ønska mine då vi byrja prosessen. Eg visste det ville bli utfordringar med at enkelte hus måtte stengje i periodar, men eg trur mange gjester har sett pris på å møte handverkarane som heldt på med ting. Folk har fått sett dei legge tak og bygge opp att bakkemurane. Gjestene har eigentleg fått moglegheit til å sjå handverk som fortel like gode historier som andre ting i utstillinga vår. Det er eg utruleg glad for, seier dagleg leiar Solveig Berg Lofnes i Astruptunet til Nynorsk pressekontor.
Tilbake til røtene
I arbeidet med opprustinga har både den frodige hagen, dei gamle husa, interiøret og infrastrukturen fått eit løft. Gjennom gamle brev, fotografi og ikkje minst måleri har Astrup og hans næraste fått sette tydeleg preg på det nye tunet.
– Både bygga og hagen liknar no meir på heimen til Nikolai og Engel enn det tunet gjorde før, fortel Berg Lofnes.
Blant anna har ein gjenreist ein gammal utedo, restaurert flaggstanga til å likne på den som var her på Astrups tid og rive ein platting som ikkje var her då. I tillegg har ein sett på fotografi og måleri av interiøret for å innreie stovene i tunet mest mogleg slik dei var då Astrup levde.
– Det er få bilete av innreiinga frå den tida kunstnaren levde, men mange frå tida like etter. Vi brukt dei bileta til å sjå kva som hang på veggene. Vi har laga kopiar av veggmåleria og innreia med dei. Det gir eit meir autentisk inntrykk av korleis det var her.
Bortsett frå dei spesiallaga bileta er innreiinga i stovene for det meste ting som var på tunet frå før.
– Hovudessensen er at vi ikkje har tilført veldig mykje. Men det har vore ein vanskeleg balanse. Kva kan stå framme? Folk skal ikkje ta på ting eller sitje i møblane, men vi veit at det skjer. Vi må heile tida gjere vurderingar rundt kva som bør takast ekstra vare på, seier museumsleiaren.
Over 2.000 planter
Ein sentral del av museet ved Jølstravatnet er den frodige hagen, som både i levetida til Astrup og no kan imponere sjølv den mest røynde botanikar. Å skaffe seg full oversikt over korleis kunstnaren skjøtta hagen sin har vore litt av ein jobb, ifølgje Berg Lofnes.
– Forprosjektet i opprustingsprosessen vart leia av ein landskapsarkitekt og gjekk ut på å gjere registreringar av alt som vaks her. Botanikarar og ulike folk såg på all vegetasjon i hagen og det vart også gjennomført boreprøvar i jorda. Alt ein fann vart bokført og samanlikna med tidlegare registreringar frå 1970- og 80-talet. I tillegg gjekk landskapsarkitekten ut i media og bad folk om å komme med informasjon om dei visste noko viktig, seier Berg Lofnes.
Og den oppmodinga viste seg å gi resultat.
– Landskapsarkitekten fekk ein telefon frå ein slektning av Astrup som sa at dei har ei notisbok der kunstnaren har skrive side opp og side ned med alle plantene han bestilte ved Sandveds planteskole i Sandnes. Den lista inneheld 2.410 planter, seier ein tydeleg engasjert museumsleiar.
I restaureringsprosessen har det vore eit medvite val å ikkje skaffe alle plantene Astrup hadde på lista si. Kunstnaren eksperimenterte mykje med hagen og det var difor ikkje slik at han nødvendigvis planta alt han tinga. I tillegg bytte han ut planter frå sesong til sesong og fleire av vekstane fekk òg for vanskelege levekår i skråninga langs Jølstravatnet.
– Det vi har konsentrert oss om er å få inn mangfaldet. Vi veit ikkje hundre prosent sikkert kva Astrup hadde i hagen sin. Vi veit kva han bestilte, og vi veit han hadde eit område der han hadde planter ståande på vent. Det var jo slik då som no at ikkje alle planter klarte seg. Han skriv at han hadde ei svakheit for å eksperimentere med alle moglege planter og ikkje minst umoglege planter – og det var mange av den siste typen.
Ein attraksjon
Å halde i hevd ein hage av kaliberet ein no har i tunet er mykje jobb. Innhausting av både frukt og bær vil etter kvart bli ei stor oppgåve og Astruptunet ser no på moglege samarbeid for å få nytta avlingane best mogleg.
– Det ideelle vil vere at nokon kan ta seg av hausting og foredling og så kan vi få tilbake ulike produkt frå avlingane til å selje. Her er det ikkje landa noko, men det er hyppig diskutert, seier Berg Lofnes.
I tillegg har museet tilsett ein gartnar på fulltid til å ta seg av hageanlegget.
– Det er ikkje sikkert det er tilstrekkeleg. Det er mogleg vi burde ha ein til i sesong, men det er kommunen som er eigar så vi konkurrerer om kommunale midlar.
At hagen er ein stor del av museumsopplevinga er det i alle høve ingen tvil om. At den massive vegetasjonen og alle dei spesielle plantane fascinerer merka òg Astrup sjølv: «Jeg er blitt en ren attraksjon. Folk hvalfarter dette sted».
– Det skreiv han i eit brev på 1920-talet. For folk byrja allereie då å legge merke til hagen her. Jegerar som hadde vore til fjells på jakt la ruta si gjennom tunet for å få sjå på hagen og bygdefolket generelt var nyfikne på kva som vaks her.
Frå heim til museum
Etter Astrups død i 1928 heldt kona Engel og familien fram med å skjøtte hagen og ivareta måleria etter kunstnaren. Interessa for tunet blei ikkje mindre med åra.
– I 1959 var det 3.000 besøkande i tunet. Difor sende Engel eit brev til kommunen og bad om hjelp til parkeringsplass. Nokre år seinare selde ho heile eigedommen til kommunen. Familien var med i styret og styrte saman med kommunen ein del år. I 1982 blei det tilsett kultursjef i Jølster og då byrja ein å jobbe med eit brannsikkert galleribygg. Det opna 1986.
Berg Lofnes seier vidare at besøkstala ser lovande ut i år, men at mykje står og fell på korleis vêret blir.
– Det beste vêret for oss er det som ikkje er altfor fint, men heller ikkje dårleg. Vi håpar i alle høve at flest mogleg kjem og opplever det nye Astruptunet på nært hald, avsluttar ho.