nyhende
Har redda over 60 rådyrkje med drone
Når bøndene skal ta slåtten ligg det ofte nyfødde rådyrkje i åkrane. Tysvær Jeger- og Fiskerforening har i tre år hatt eit gratis tilbod dei håpar bøndene nyttar seg av. Dei finn og reddar vekk rådyrkje ved hjelp av drone.
Det er om lag ti år sidan dei første dronane med varmesøkjande teknologi vart tekne i bruk. Då var det Raude Kross og andre nødetatar som leita etter menneskje. No har bruken utvida seg og kjem mellom anna stadig fleire til gode, særleg bønder under slåtten.
– Eg trur me er dei einaste som har dette tilbodet i Sveio. På Haugalandet er det berre Vindafjord Jakt- og Fiskelag utanom oss. Så saman dekker me heile Haugalandet, seier Knut Ivar Skogland, nestleiar i Tysvær Jeger- og Fiskerforening (TJFF).
Fleire tusen vert teken årleg
Dei har for tredje år på rad hjelpt bønder med å søka over åkrane med varmesøkjande teknologi før slåtten vert teken. Fordelen deira er perspektivet, meir nøyaktig fugleperspektivet.
– Dronane våre har god oppløysing og ser eit rådyr i graset rimelig enkelt, men det er umogeleg å sjå for maskinførar i traktoren, fordi dei ikkje kan sjå gjennom graset. Me ser det ovanfrå og kan sjå varmen frå dyret, seier Skogland.
I løpet av dei tre åra har dei redda over 60 rådyrkje frå å bli drept under kuttinga av graset.
– Me gjer eit estimat på om lag 10.000 dyr årleg i heile Noreg som ryk til under slåtten. I fjor redda eg 39 dyr, 17 året før og så langt i år har det berre vore sju, seier Skogland.
Forklaringa på det låge talet har med vêret å gjera trur han.
– Slåtten byrja veldig tidlig i år og då er det mange rådyr som ikkje hadde eller framleis ikkje har fødd. I desse dagar er det mange rådyrfødslar, så dei som slår no bør absolutt ringa oss, seier Skogland.
Instinktet er å liggja heilt stille
Tilbodet deira fungerer så enkelt som følgjande. Ein bonde skal ta slåtten og vil sikra seg mot å kvesta rådyrkje. Ein telefon eller sms blir sendt seinast dagen før, og då er TJFF og droneteamet på plass før slåinga.
– Det er framleis gratis, seier han, og legg til at dei held på å søkja midlar for å utvida tilbodet.
Nyleg var dei i Sveio og fekk demonstrert nytta dei gjer.
– Fredag kveld vart me spurt og laurdag morgon tok me turen til Mølstrevåg. Me henta ut to rådyrkje i ei lita eng. Dei var ganske ferske, berre eit par dagar gamle og sleit med å stå på beina, seier Skogland.
For dei som er ukjend med rådyr og slått, er problemstillinga som følgjer: Nyfødde rådyrkje er ikkje særleg mobile, og mor deira vil ofte plassera dei i ein åker eller eng med høgt gras.
– Kvifor trivst dei der?
– Dei ser etter urteplantar og liknande, men gjer ikkje innhogg i graset som til dømes hjort kan gjera, svarar han.
Då er rådyra kamuflerte medan mor leitar etter mat til seg sjølv. Kjem det ein trugsel vil dei liggja heilt stille i håp om å ikkje verta oppdaga.
– Då vert dei berre liggjande medan maskina køyrar over dei. Det er ikkje alle som døyr og er så «heldige». Nokon får berre beina kappa av og ligg i live ein stund etterpå. Eg har snakka med ein del bønder som har opplevd det og dei synest ikkje det er noko hyggeleg, seier Skogland.
Bra for alle å redda rådyrkje
Han fortel at både bønder og jegarar ynskjer redda flest mogeleg rådyrkje frå ein slik skjebne av forskjellige omsyn. Tap av rådyrkje går utover rådyrstamma og naturmangfald- For bøndene kan det skada grasproduksjon, og i nokon tilfelle verta livsfarleg gift for gardsdyr om eit overkøyrd rådyrkje ikkje vert oppdaga og ender i rundballen.
– Nokre bakteriar veks fort i ein rundball, og sidan gardsdyr et forderva fôr kan dei døy fort etterpå. Viss ein bonde mister ein ku verdt 20.000 kroner er det veldig keisamt når dei kunne ha sendt oss ein sms og fiksa det gratis, seier han.
– Korleis kjennest det å redda eit rådyrkje?
– Det er heilt supert. Geita (mammen) hoppa i nærleiken og laga lyd. Ho såg når me kom og byrja å bjeffa. Når kjeet vart løfta byrja det å pipa medan mammen følgde med og bjeffa. Det var eit himla spetakkel, humrar Skogland.
Har utvida med ein drone til
Hensikta har ikkje vore å verta ein «business», men nestleiaren har teke profesjonelle steg innanfor droneverda. Han har sertifikat og tok eksamen på ein trafikkstasjon. Nyleg måtte TJFF innsjå at ein drone var for lite for tilbodet deira.
– Me fekk ny sist veke. I fjor var det mykje tettare med oppdrag under slåtten, med mange turar på kort tid. Det er langt frå Ryvarden til Nedstrand. Me trong ein til fann me ut, då kunne me dekka meir, seier han.
Dei er ikkje einsame om tilbodet i Noreg. Faktisk finst det ei nettside kor ein kan melda inn redda rådyrkje.
– Me er på delt fjerdeplass. Det er ikkje ein konkurranse, men moro å følgja med på, seier han.
Redda eit pinnsvin
– Er det berre rådyr du har redda ut av åkrane?
Skogland humrar litt før han tek til å svara.
– Altså, eg geleida ut eit pinnsvin ein gong, men utanom det er det veldig lite å sjå. Pinnsvina er treige og lette å få ut. Ein hare vil jo berre hoppa av stad, avsluttar han.