nyhende
– Har overgått alle forventningar
Flokehyttene ved Ryvarden opna i oktober i fjor. Så langt har interessa for overnatting i hyttene overgått alle forventningar. Det har vore bortimot fullt belegg heile dette året, sju dagar i veka.
Smittevernrestriksjonar på grunn av koronapandemien har heller ikkje vore til hinder for bruk av hyttene.
– Grunnen til dette er at kvar hytte fungerer som ein kohort, seier Tore Haugen.
Han er dagleg leiar i Haugesund Turistforening, som eig og driv hyttene.
Haugen fortel vidare at dei ikkje opererer med ventelister. Men om nokon kansellerer ei bestilling, tar det ikkje lang tid før nye gjester melder seg. Då turistforeininga opna for bestilling av hyttene for første halvår 2021, tok det heller ikkje lang tid før alle var opptekne.
Nå er det opna for bestilling for heile 2022. Og det er ikkje mange dagar igjen som er ledige.
Unik plassering
Dei fem Flokehyttene er alle plasserte nær sjøkanten på sørsida av Ryvarden fyr, med panoramautsikt til Sletta og storhavet i vest. Den største av hyttene, som har universell utforming og er tilrettelagt for gjester med handikap, har ti soveplassar. I dei fire andre hyttene er det fem soveplassar i kvar. Dei som har blått kort på grunn av rørslehemming, kan søkja Sveio kommune om løyve til å kjøra ut. Andre må parkera i Mølstrevåg og gå ut.
Varig trend?
– Me klyp oss jo litt i armen og lurer på om den store interessa skuldast at tilbodet er nytt, eller om det har samanheng med at nordmenn i større grad har vore nøydde til å feriera innanlands dette året. Men det ser jo ut til at interessa for slike spektakulære overnattingstilbod representerer ein generell trend, og ikkje berre på våre kantar. Me trur at den trenden vil vara ei tid. Kor lenge er vanskeleg å seia, medgir Haugen.
Flesteparten av gjestene har så langt vore norske. Og dei fleste overnattar ei eller nokre få netter. Slik ser det ut til å bli neste år også. Men interessa frå utlandet er aukande. Det skuldast mellom anna positiv omtale i fleire utanlandske medier, kan turistforeiningsleiaren fortelja.
– Tilseier interessa at det er aktuelt å byggja fleire hytter?
– Me har opsjon på ei til, men veit ikkje om me vil gjera bruk av den, seier Haugen.
Han medgir at inntekta frå Flokehyttene er viktig for turistforeininga sin økonomi. Men vidare satsing vil vera avhengig av at interessa held seg over tid. Haugesund Turistforening har dessutan fleire store investeringsoppgåver på gang både ved sjø og fjell.
– Kystsatsing er viktig for turistforeininga sentralt. Og her ligg me i Haugesund Turistforening langt framme, med både Flokehyttene, Geitungen ved Skudeneshavn, Nordvik-garden på Utsira og Knutsen-villaen på Vibrandsøy.
Meir folk positivt
Næraste nabo til Flokehyttene er Ryvarden kulturfyr, som driv galleri og kafé i ein av dei tidlegare fyrvaktarbustadene.
– Meir folk her ute er alltid positivt. Etter at Flokehyttene opna har me for eksempel utvida opningstida vår. Tidlegare var galleriet og kaféen berre open om søndagane mellom februar og november. I år har me også ope på laurdagar, fortel kulturfyrvaktar Gunn Bente Håvardsholm.
Det er Sveio kommune som står bak Ryvarden kulturfyr. Kulturfyret leiger også ut den tidlegare fyrmeisterbustaden, både som selskapslokale og til overnatting. Flokehyttene kunne såleis vore ein konkurrent, men Håvardsholm fortel at dei i 2021 har hatt fleire overnattingsgjester i fyrmeisterbustaden enn tidlegare.
– Men det trur me skuldast koronapandemien meir enn Flokehyttene. Fleire overnattingsgjester hos oss har nok samanheng med at fleire nordmenn har feriert i eige land, trur kulturfyrvaktaren.