nyhende
Har Noregs største golfanlegg
Laurdag opnar kultur-og likestillingsminister Lubna Jaffery den nye 9-holsbanen i Sveio Golfpark. Då blir anlegget offisielt det største i landet.
Dagleg leiar Gavin Hinds gler seg veldig til at ein endeleg kan begynna å bruka den nye banen. Der er det enno ikkje slått eit slag. Det skjer også på laurdag, men kven som blir historisk med det første slaget er det ingen som veit enno.
Etter at snora er klipt på første utslag, er det duka for familiearrangement med stasjonar på driving rangen der alle som har lyst kan få prøva seg. Deretter arrangerer Haugaland golfklubb scrambleturnering som blir avslutta med grillmat og premieutdeling.
– Verkeleg golf for alle
– Banen har fått eit år med omsorg og kjærleik i form av stell og tid for graset å gro. No er det på tide å ta den i bruk og verkeleg gjera golf til ein sport for alle. Heile runden på ni hol tar ein time, så no er tid inga unnskyldning for ikkje å spela golf, seier Hinds med eit stort smil.
På den nye banen kan også kven som helst booka utslag, altså tid for å starta runden. Det, saman med tidsbruken, håper Sveio Golfpark vil gje eit oppsving for rekrutteringa. Særleg blant barn, ungdom og kvinner. Å gå 18 hol er faktisk ganske krevjande.
– Ein runde golf tilsvarar å springa 6 kilometer. Og undersøkingar har vist at dei som spelar golf lever fem år lengre enn enn dei som ikkje spelar golf, seier Hinds.
Best på Vestlandet?
Det er ikkje mange 27-holsbanar i landet. Sveio Golfpark er med den nye banen det største golfanlegget i Noreg, og kanskje den beste banen på Vestlandet.
– Eg er jo ikkje uhilda, men Sveio har det beste golfanlegget på Vestlandet. Det er eg ikkje aleine om å meina, og me har kvar veke spelarar frå mellom anna heile Haugalandet, Odda, Bergen og Stavanger som kjem hit for å spela, seier Hinds.
Den nye 9-holsbanen er 1.500 meter lang og komprimert på om lag 70 mål. Den har 7 par 3-hol og 2 par 4-hol. Par betyr enkelt forklart kor mange slag ein har lov til å bruka før ballen må vera i koppen.
– Det gjeld for dei som har spelt ein del golf. For oss lekfolk er det eit par ekstra slag å gå på, seier Per Bjørn Habbestad, styreleiar i Sveio Golfpark.
Fem etappar mot målet
Han gler seg like mykje som Hinds til at banen kan takast i bruk, for det har tatt si tid å få det flotte anlegget til 19,5 millionar på plass. Det er for øvrig fullfinansiert med ulike tilskot, tippemidlar, momsrefusjon og dugnad.
Allereie då Hinds kom til Sveio Golfpark for 15 år sidan var det snakk om 9-holsbane. I 2016 skaut arbeidet fart og er gjennom ført i fem etapper.
– Forløysinga kom i 2018 då Sveio kommune godkjente å overta den gamle driving rangen. Den vart etter kvart for tett på bustadhusa som kom opp. Dei 6,5 millionane me fekk for dei 20 måla blei startkapitalen for den nye banen, fortel Habbestad.
Det første som blei bygd var servicebygget med mellom anna plass til maskinparken, lager, verkstad og garasje for golfbilane i 1. etasje. I 2. etasje er det utslagsplass for driving rangen, simulatorrom og offentleg toalett for dei som brukar turløypa.
Regulering og dugnadsarbeid
– Området der 9-holsbanen ligg var ikkje regulert. Der var tanken å venta med regulering for å få den med i sentrumsplanen som skulle reviderast i 2019. Men det tok meir tid enn det, og me valde å gå for eigen reguleringsplan for området. Det tok om lag 2,5 år før reguleringsplanen blei godkjent i 2021.
Banen blei ferdigstilt i fjor, men har altså fått ligga ubrukt for at graset skal få gro og setta seg godt. Stein som har kome opp er også blitt fjerna.
– Det er utført mykje godt dugnadsarbeid undervegs. Medlemmene sin dugnadsinnsats er uvurderlig for anlegget vårt, seier Habbestad.