nyhende

Ordførar Linn Therse Erve (Ap) kjem. Kjem du?ARKIVFOTO
Ordførar Linn Therse Erve (Ap) kjem. Kjem du?ARKIVFOTO

— Har nok jodtablettar til alle under 18 år

Sveio har nok jodtablettar til den delen av innbyggjarane som er under 18 år, gravide og ammande slik styresmaktene krev. Tablettane er ikkje utplasserte i skular og barnehagar.

Publisert Sist oppdatert

Dette opplyser ordførar Linn Therese Erve på førespurnad frå Vestavind. Ho seier også at kommunen ikkje så langt har planar om å følgja Oslo sitt eksempel ved å senda brev til føresette og be om løyve til å gi jodtablettar til barna ved behov.

— Men me vil til ei kvar tid retta oss etter krav frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), og helsestyresmaktener, seier Sveio-ordføraren.

Ber folk følgja råd frå DSB

Spørsmålet om jodtablettar er aktualisert av krigen i Ukraina, og ikkje minst av kamphandlingane rundt det største atomkraftverket i Europa. Desse kampane natt til fredag førte til brann i ein bygning inne på kraftverket sitt område. Dette skal likevel ikkje ha ført til utslepp av radioaktivt materiale. Russiske styrkar skal nå ha kontroll over atomkraftverket.

Helsedirektoratet ba fredag føremiddag norske kommunar om å gjennomgå rutinane for jodberedskapen sin slik at jodtablettar kan distribuerast til barn og unge på tolv timars varsel.

Erve viser elles til dei generelle beredskapsråda som DSB har gitt til norske hushaldningar før krigen i Ukraina starta.

Vatn og batteriar

DSB oppfordrar alle til å ha forsyningar av mat, vatn, lommelykter, batteri og så vidare for å klara seg i eit par døgn.

Styresmaktene tilrår også at innbyggjarar under 40 år skaffar seg jodtablettar til eige bruk ved atomhendingar. Det kan for eksempel vera aktuelt ved ulykker om bord i atomdrivne fartøy langs kysten vår, men også ved store utslepp av radioaktivt materiale langt unna. Tsjernobyl-ulykka i 1986 er eit godt eksempel på det.

Powered by Labrador CMS