nyhende

Helsesjukepleiar Liv har råd og tips til dei som har ungdom i hus:

Døra er open for elevar frå ungdomstrinnet på Sveio skule som treng ein prat, anten det er etter avtale eller om dei kjem innom i eit friminutt. Helsesjukepleiar Liv Eidhammer Mangrud (46) tar dei i mot.
Døra er open for elevar frå ungdomstrinnet på Sveio skule som treng ein prat, anten det er etter avtale eller om dei kjem innom i eit friminutt. Helsesjukepleiar Liv Eidhammer Mangrud (46) tar dei i mot.

Har merka ei endring etter korona

– Ungdom har like stort behov for foreldra sine som små ungar, seier Liv Eidhammer Mangrud (46), helsesjukepleiar på Sveio skule. Ho har god innsikt i korleis ungdomen har det – det er fleire ting ho finn oppsiktsvekkande, spesielt etter at korona kom.

Publisert Sist oppdatert

På Liv Eidhammer Mangrud sin mørkeblå skulegenser står det «helsesjukepleiar» med store bokstavar på ryggen. No står ho diskret i døra og pratar med nokre gutar som har lyst til å komma inn. Det er friminutt, og ikkje sjeldan er det då gutane bankar på døra. Dagen i dag er litt annleis for helsesjukepleiaren.

Endring etter mars 2020

– Kan du heller komma igjen i morgon? Kjempefint, seier Liv, og lukker døra att og set seg ned i den blå stolen igjen. Frå den har ho hatt mange samtalar med ungdomane i kommunen. Av og til er det så fullt på kontoret at ho omtrent ikkje får døra igjen – ho har eit godt forhold til elevane, dei likar å komma innom.

I dag er det lokalavisa sin journalist som sit i motsett blå stol. Me er nysgjerrige på korleis ungdomen har det no om dagen.

– Det må du nesten spørja dei sjølve om, seier ho med eit smil, før ho held fram:

– Veldig mange klarar seg kjempefint, men mange strevar. Endringa er tydeleg etter korona, fortel ho. Etter at pandemien kom, er det spesielt ei setning som har gjenteke seg mange gonger, som ho aldri har høyrt:

Eg likar ikkje folk. Eg klarar ikkje å vera med folk.

– Eg trur heimeskulesituasjonen gjorde noko med veldig mange ungdomar. Nokon fekk det betre, men for veldig mange blei dørstokkmila mykje lengre.

Enkelte føretrekk eige selskap

Kohortar, raudt nivå, gult nivå, heimeskule, halve klassar og nye samansetningar var noko som var med på å skapa usikkerheit blant unge, som i periodar har blitt oppmoda til å halda seg heime bak lukka dører.

Mangrud trur at det vil komma meir forsking på etterverknadar av korona etter kvart, hennar erfaringar er basert på det ho ser på skulen. No er det til dømes ein del unge som føretrekk å heller vera heime og sjå på skjerm i staden for å vera med andre.

– Eg trur det er lettvint å vera heime. Å sjå ein Netflix-serie krevjer ingenting. Å kle seg opp og reisa til byen med venner krevjer mykje meir. Fleire synest at det kan vera godt å gjera ingenting. Terskelen for å vera heime har blitt mindre, meiner Mangrud. Det gjeld også i skulesamanheng.

– Om ein ser på tal vil eg tru at fråværet har auka. Det gjeld absolutt mest jenter. Korleis gutane har det, veit ein mindre om, men generelt er mange gutar skuleleie på ungdomsskulen. Samarbeidet med lærarane er kjempegodt, dei ser fort om nokon har det vanskeleg, seier Liv.

Vanskeleg å vera sosial

Å vera med andre menneske er for mange krevjande. I større grad enn før strevar unge i kontakt med andre, til dømes i forhold til venner, eller det å snakka høgt framføre klassa på skulen.

– Eg trur veldig mange ungdommar er usikre på seg sjølve, og er redde for å gjera feil. Redd for at andre skal le av dei. Ungdomane verkar også å vera usikre på kvarandre. Dei manglar tryggleik. Då kan det vera lettare å finna fram mobilen og forholda seg til det som skjer der.

Mange sit også med telefonar når dei er i lag.

– Det å sitta i saman og prata og vera i lag er noko me held på å mista, seier helsesjukepleiaren.

Sjølvbilete i skjermen

Tidlegare hadde ungdom moglegheit til å byggja sjølvbilete ut i frå kven dei meinte dei var og hadde lyst til å vera, med lite påverknad frå andre. No kan ein seia at mange byggjer sjølvbiletet mykje på grunn av tilbakemeldingar frå andre – og stadfesting ein får gjennom sosiale medium. Likes, raude hjarter og kommentarar.

Gjennom telefonen får ein verda i fanget på få straksar. Ungdom i dag blir eksponerte for mellom anna kvisefrie andlet, slanke og solbrune kroppar, tilsynelatande lukkelege menneske fanga i ein augneblink, med fint dandert hår, kvite tenner og musklar som viser. Ofte er denne «sanninga» sminka og retusjert.

– Før såg ungane innover for finna seg sjølve. No får dei mykje informasjon og påverknad om kven dei bør vera, korleis dei bør sjå ut, kva dei bør lika og liknande. Det gjer det mykje vanskelegare å bli kjent med eigne tankar og kjensler rundt kven ein er, seier Mangrud.

Vil ikkje bry dei vaksne

Viss ein ikkje har det bra, er skulen ein god plass for at dette blir fanga opp av vaksne.

Om ein lærar ser at ein elev har endra seg, kan det i samråd med eleven resultera i ein prat på kontoret til helsesjukepleiaren for å løysa opp, slik at elevane kan få det betre. I nokre tilfelle kan det også vera naturleg å ta kontakt med dei heime, slik at dei også kan ta del i det som skjer. Erfaringa er at foreldre i stor grad er flinke til å følgja opp.

Likevel er det mange som seier at dei ikkje vil bry foreldra sine med utfordringane dei har. Det er ei endring helsesjukepleiaren har merka seg, kollegaer frå andre kantar kjenner seg også igjen i dette.

– Veldig mange ungdommar seier at dei ikkje vil at me skal snakka med foreldra, for dei har nok sjølve. Mamma tar gjerne vidareutdanning, pappa har det travelt på jobb. Det er tankevekkande, seier ho.

Krevjande med ungdom

Liv Eidhammer Mangrud har vore helsesjukepleiar i 8 år, flesteparten av dei i Vindafjord kommune, der heimstaden hennar er. På Sveio skule har ho vore sidan april 2020, og på privaten har ho sin eigen vesle flokk på tre, dei to eldste er tenåringar.

– Eg hadde aldri førestilt meg at det skulle vera så mykje meir utfordrande å vera tenåringsmor enn småbarnsmor, seier Mangrud, som bur saman med familien sin i Skjold.

Ikkje er dei barn, og heller ikkje vaksne. Tenåringane krevjer sitt, på ein heilt annan måte, i forhold til grensesetting og oppfølging – og som foreldre bør ein følgja med på det som foregår.

Gode samtalar

– Kva tid slepper ein opp? Eg synest det er kjempevanskeleg, seier Mangrud. Ho er klar på at ungdom treng foreldra sine minst like mykje som småbarn – ikkje i form av leiking, men å vera tilstades.

Med småbarn i hus står ein kanskje opp ein time før dagen startar. Med ungdom må ein kanskje ta eit liknande skift på kvelden, og stilla opp med tålmod om dei unge håpefulle ber om ein prat på sengekanten – medan ein sjølv helst vil slappa av eller leggja seg.

– Å sitja oppe og venta på ungdomane når dei har vore på fest er også gull verd – ein kan få mange gode samtalar då, tipsar ho.

Ho medgir at det er utfordrande å vera forelder til store, nesten vaksne ungar.

– Eg har min 16-åring, og eg har aldri vore foreldre til ein 16-åring før. Ingen er ekspertar, men vegen blir til medan me går, smiler Mangrud.

Små lysglimt

Ein ting ho har blitt bevisst på i samtale med ungdom, er at dei må få lyst til å bli vaksne. Ho har tatt seg sjølv i å snakka mykje om at livet er, og skal vera utfordrande, med dei oppturar og nedturar som følgjer med.

– Ofte gløymer ein alt det fantastiske. Me må óg gi dei lyst til å bli vaksne. Sjølv er eg blitt meir opptatt av små ting ein kan gjera sjølv for å ha det betre, og ta tak i kvardagen sjølv. Det er jo utruleg spennande å leva – ein må passa på, og halda drømmane til ungommane levande, smiler den engasjerte helsesjukepleiaren.

Ha det kjekt i lag

Ho vil minna dei vaksne om kor viktig det er å ha ein god relasjon til ungane sine, og at ein må bruka tid i lag med dei for å byggja dette opp, og møta dei der dei er.

– Det er lett å tenka at ungdomane er sjølvgåande, men dei treng enormt mykje stadfesting på at dei er elska for den dei er – ikkje nødvendigvis som målscorar på fotballaget, den som får gode karakterar eller den som har ei god songstemme.

Ho har ei klar oppfordring til dei som er foreldre i dag: Vis at de har tid, og at de er opne for å snakka.

– Gjer kjekke aktivitetar, le i lag. Spør om korleis dei har hatt det, om det var noko kjekt som skjedde på skulen idag. Desse småtinga. Snakkar ein om desse daglegdagse tinga, vil dei også koma om ting blir vanskeleg, meiner ho.

Ta kontakt!

Om nokon foreldre er bekymra for ungen sin, er dei hjarteleg velkomne til å ta kontakt med ho, skulen eller fastlegen.

– Det kan vera ein enkel ting som at ungen deira sit mykje aleine, og ikkje er ute blant andre, eller har vanskar for å få sova om kvelden.

Mobil, nudes og narko

Ein ting foreldre bør følgja opp, er at barn og ungdom ikkje har mobilen med seg på rommet når dei skal sova.

– Den beste måten å sjølv gjera det på, er å sjølv ikkje ha den på rommet. Søvn er ein viktig ting, medgir ho.

Når det gjeld Snapchat, nakenbilde og narkotika, kan foreldre vera naive.

– Dette er utbredt. Mange får forespørslar om å kjøpa narkotika og dela nakenbilde. Mykje kan skje på eit kvarter, og ein har ikkje nubbesjangs for å følgja opp.

Rådet er openheit og tid.

– Vis interesse for ungdomen sitt liv på sosiale medium. Spør kven dei snakkar med, om dei legg til menneske dei ikkje kjenner, om dei får venneførespurnadar frå folk dei ikkje kjenner, tipsar Mangrud.

Ho meiner også at ein kan spørja direkte om dei har fått spørsmål om å senda nudes (nakenbilde), tilbod om narkotika eller om dei kjenner nokon som har det.

– Spør om kva dei vil gjera, og gjer det trygt å seia i frå om dei opplever noko ubehageleg, seier ho.

Ta praten

Og ein aller siste ting. Ungdom treng å snakka om seksualitet.

– Det er eitt av dei siste tabua me har. Til meg legg ikkje ungdom skjul på at dei finn ut det meste av seksualitet gjennom porno. Då får dei eit skeivt inntrykk av kva det dreier seg om, seier Mangrud.

Generelt bør vaksne snakka med ungdom om prevensjon, og å ta eigne val, setja grenser for seg sjølve, men også om seksualitet som noko fint, noko positivt som dei skal synast er spennande og godt.

– Igjen – gjer det trygt å komma viss det er noko som er vanskeleg eller det er noko dei lurer på.

Newton sin serie om kroppen, ung.no og sexogsamfunn.no er gode ressursar i denne samanhengen.

Powered by Labrador CMS