nyhende
Har laga over 30 rastebord sidan påske
Då koronapandemien sette ein stoppar for det meste, gjekk Ole Alexander Sveen Kallevik i gong med å bygga rastebord. Han har også vore god til å sysselsetja familien og bestekompisen for å få unna dei mange bestillingane.
Lediggang er rota til alt vondt, heiter det i eit ordtak. Ole Alexander er beviset på det motsette. 13-åringen går i 8. klasse på Sveio skule, og er ein aktiv kar. Volleyball, speidar, piano og utfiske av aure i Vigdarvatnet, for å nemna noko.
Då det brått blei mykje lediggang med nedstenging av det meste 12. mars, måtte han finna på noko å gjera på Mannaberget. Å vera på garden og bruka alle slag verktøy og utstyr, har han og dei to eldre brørne fått lov til under oppsyn sidan dei var små.
Starta med å bora hol i golvet
– Ole Alexander var vel ikkje meir enn to-tre år då han fekk bruka drill første gongen. Det resulterte i at han bora hol i stovegolvet. Men etter det har det stort sett gått veldig bra, seier mor Marthe Olesdatter Sveen Kallevik.
13-åringen har vore hobbysnekkar i ein del år allereie. Han har mellom anna bygd sitt eige hønsehus. I fjor var han også med å bygga rastebord i snikkarverkstaden på låven. Det er eit opplegg som bestefar og lærar Ole Johan Sveen har halde på med for Sveio skule ein del år. Alt av utstyr var jo på plass, så rett etter påske spurte Ole Alexander besten om ikkje han kunne få bygga eit rastebord.
Måtte seia nei til fleire bestillingar
– Me vart samde om at me skulle laga 10 bord i første omgang. Dei einaste verktøya han ikkje får lov til å bruka enno, er kapp- og bordsag og vinkelslipar, så kuttejobben gjer eg, fortel Ole Johan.
Dei 10 første borda gjekk fort unna, og bestillingane strøymde på. Utfiskinga av aure blei lagt på is for å bruka all tid på bordbygging. Då dei var kome opp i 38 bestilte bord, måtte Marthe, som held orden på bestillingane, seia midlertidig stopp. Og oppretta venteliste.
– No er 31 bord ferdige, og det er sju igjen å laga. Når dei siste er ferdige, får me sjå kor mange fleire det blir i løpet av sommaren. Då blir det litt færre bestillingar om gongen, seier Ole Alexander.
Ein kilometer med plank
Til no har det gått med ein kilometer med plank, rundt 1.000 franske treskruer og like mange andre typar skruer. Etter så mange rastebord har Ole Alexander alt av mål og arbeidsmetodar i hovudet.
– Blir det ikkje litt kjedeleg å laga det samme heile tida?
– Nei, det er berre kjekt. No går det ganske fort etter at eg har laga så mange. Og så er ikkje alle bord like. Om folk har andre mål dei vil ha, lagar me det også, seier Ole Alexander.
Rik blir han ikkje av dette, men har tent nok lommepengar til å kjøpa drømmemobilen med å legga til sparepengar. Mobilen er på veg i posten, og vil bli flittig nytta. Mellom anna til å oppdatera instagramkontoen @snekkerbuo.
Set folk i arbeid
Når Vestavind er innom, har Ole Alexander besøk av bestekompis Jakob Våge Meland (13). Dei går i kvar sin 8. klasse, men har halde i hop sidan starten av barneskulen, og gjer mykje i lag på fritida. Som å spela volleyball.
Jakob har vore med på å bygga fire rastebord så langt, pluss blitt sett til arbeid som pussing. Noko resten av familien og har hjelpt til med når det har vore ekstra travelt.
– Han er god til å setja folk i arbeid, ler Marthe.
50 sekkar ved på ei helg
Ole Alexander er også god til å setja seg sjølv i arbeid. 17. mai-helga i fjor kjeda han seg, og spurte besten om det var noko å tjena på å laga til vedsekker. Då besten tilbydde 20 kroner per sekk, sette han i gong, og fekk litt hjelp frå kompisar her også.
– Då helga var omme, hadde han klart 50 sekkar. Det er ganske imponerande for ein 12-åring når alt vart kløyd med øks. Og eg måtte ut med ein tusenlapp, ler ein stolt bestefar.
Med slike evner er det nærliggande å tenkja seg at Ole Alexander vil satsa på snikkaryrket som vaksen, men…
– Det var eit godt spørsmål. Kanskje sveisar eller anleggsmaskinførar. Eller snikkar, seier Ole Alexander.