nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft fortel at ny lege er tilsett i Sveio.
Kommunalsjef Ingunn Toft fortel at ny lege er tilsett i Sveio.

Har innført arbeidsfritak etter ferie utanfor Norden

Sveio kommune har innført arbeidsfritak for helsepersonell som har vore på ferie utanfor Norden. Dette blir gjort for å vera føre var i høve til spreiing av koronasmitte.

Publisert Sist oppdatert

Det er i samband med koronapandemien innført meldeplikt til arbeidsgjevar når ein har vore på reise, men med dei mange tiltaka og påboda som har kome sidan 12. mars, er det ikkje lett å halda styr på alt. Sveio kommune har difor vore aktive og kontakta alle tilsette i helse og omsorg for å minna om dette.

–  Har ein vore utanfor Norden, skal ein melda frå til næraste leiar og levera eigenerklæring. Det blir gjort ei vurdering i kvart tilfelle, og som føre var-prinsipp har me innført 10 dagars arbeidsfritak med løn, seier Ingunn Toft, kommunalsjef for helse og omsorg.

For lenge å venta på testsvar

Ved Haugesund sjukehus blir alle tilsette testa etter ferien, men det er det førebels ikkje aktuelt for Sveio kommune eller dei andre kommunane på Haugalandet å gjera.

–  Ved Haugesund sjukehus utfører dei testane sjølv og får svar i løpet av nokre timar, men sjukehuset har ikkje kapasitet til å testa for kommunane. Det betyr at me må venta to til fem dagar på svar. Det er for langt tid, og me har derfor innført arbeidsfritak som smitteverntiltak. Men ting kan endra seg raskt, seier Toft.

Gjeld også for pårørande

Tysdag gjorde Sveio kommune ei kartlegging av alle tilsette i helse og omsorg. Det avklara at det per no ikkje er nokre tilfelle i kommunen der arbeidsfritak er aktuelt.

– Det er også viktig å få med at pårørande til bebuarar på institusjonane våre må følgja dei same reglane for å unngå smittespreiing. Har dei vore på ferie utanfor Norden, må dei venta 10 dagar før dei kan gå på besøk, seier Toft.

Powered by Labrador CMS