nyhende

Naturvernar trur asfaltmangel vil setja grense for nye store vegprosjekt:

Med tanke på framtida og komande generasjonar trur Roald Østensjø at folk etter kvart må innsjå behovet for omlegging til ein enklare livsstil. Her med barnebarnet Augusta Marie på ryggen. Foto: Privat
Med tanke på framtida og komande generasjonar trur Roald Østensjø at folk etter kvart må innsjå behovet for omlegging til ein enklare livsstil. Her med barnebarnet Augusta Marie på ryggen.

– Har ikkje bruk for fire felts motorveg

Roald Østensjø meiner det ikkje er bruk for firefelts motorveg gjennom Sveio. Han sår dessutan tvil om det i framtida vil vera mogleg å skaffa nok asfalt til dette og andre store vegprosjekt.

Publisert Sist oppdatert

– I alle fall til ein overkommeleg pris, seier Østensjø, som er leiar for Naturvernforbundet Haugalandet.

Han bur i Haugesund, men har sidan barndommen vore mykje på hytta på Våga og kjenner seg sterkt knytta til Sveio.

Kan bli asfaltmangel

Østensjø viser mellom anna til Paris-avtalen, der redusert oljeproduksjon er eitt av tiltaka for å redusera global oppvarming. Og sidan asfalt er eit restprodukt av oljeraffinering, vil redusert bruk av olje føra til mindre tilgang.

– Asfaltsituasjonen for 100.000 kilometer norske vegar er uviss. Spådommane er sjølvsagt at det på ulike vis vil gå føre seg ein vekst i asfaltproduksjonen. Denne veksten er likevel utfordra av miljøforskrifter og påtrykk frå berekraftige alternativ som resirkulert og biobasert bitumen (bindemiddel, red. merknad).

Folkemøta om nye E39 i veka som gjekk skulle handla mest om folka langs vegen, ikkje så mykje miljø og natur denne gongen. Frå første stolrad i Vigdartun fekk likevel Østensjø inn eit spørsmål om asfalt-problematikken – eit spørsmål  ingen av planleggjarane frå Statens vegvesen kunne svara på der og då.

Miljøvenlege alternativ

I etterkant av folkemøtet har Vestavind snakka med sjefingeniør Thor Asbjørn Lunaas, som er Statens vegvesen sin fremste ekspert på dette området. Han ser ikkje for seg at mangel på asfalt vil hindra utbygging av nye vegprosjekt i overskueleg framtid.

– Men det blir arbeidd med å finna fram til bindemiddel i asfalten som er meir miljøvenlege og sirkulære, fortel han.

Lunaas forklarar at asfalt inneheld 94-95 prosent stein og grus, og eit bindemiddel kalla bitumen som er basert på råolje. Eitt tiltak for å redusera CO2-utslepp frå dette oljeproduktet er å resirkulera gammal asfalt. Eit anna er å erstatta delar av oljeproduktet med tallolje framstilt av trevirke. Det må då setjast krav til kvalitet og levetid,og sikrast at det nye produktet ikkje medførar helseskader.

– Om og eventuelt når det kjem eit forbod mot bruk av råolje i asfalt er eit politisk spørsmål som eg ikkje kan svara på, seier Lunaas.

Det vegvesenet sine folk, med planleggingsleiar Henry Damman i spissen, derimot orienterte grundig om, var behovet for ny veg. Basert på prognoser  vil trafikkmengda bli tredobla innan 2060. Berre ein fire felts motorveg vil ha kapasitet til å ta unna ein så stor trafikkauke.

– Eit tredje alternativ

Østensjø er usamd i desse prognosane. Han trur tvert imot at trafikken vil gå ned.

– Etter folkemøta både i Sveio og Tysvær sit eg igjen med inntrykket av at folk trur dei har berre to alternativ å velja mellom. Men dei har også eit tredje: Å behalda dagens E39 som han er. Prognosane «blinde spådommar»  baserte på økonomisk vekst i alle sektorar i det uendelege, ein modell Finansdepartementet og Statistisk Sentralbyrå har utvikla og stått for sidan 1960-talet. Det er på dette grunnlaget dei har bestilt planen om firefelts E39 gjennom Sveio. Men vekstpolitikken vil krasja. Folk må over på eit enklare liv. Då blir også transportbehovet mindre, seier Østensjø.

Han meiner mange er trøytte av jaget etter stadig økonomisk vekst og modne for ei samfunnsendring til enklare liv og mindre forbruk.

Intern debatt

– Stortingsvalet som me nettopp har lagt bak oss peikar vel ikkje akkurat i retning av at fleirtalet tenkjer slik. Er det strengare regulering på bekostning av demokratiske rettar du meiner er nødvendig?

– Demokratiet fungerer berre så lenge folk er opplyste nok. I motsett fall fungerer det dårleg, seier Østensjø, som i dag finn mest gjenklang for tankane sine hos partia ytst på venstesida.

– Er det dine eller også Naturvernforbundet sine meiningar du her gir uttrykk for?

– I Naturvernforbundet har me ein stadig debatt om kva me skal meina og stå for. Radikale tankar treng modningstid. Eg snakkar stadig med folk om det eg står for og skjønar meg på, seier Østensjø.

Han lovar at Naturvernforbundet Haugalandet skal engasjera seg om koma med uttale når kommunedelplanen for nye E39 Bokn-Bømlafjorden blir lagt fram i februar neste år.

Powered by Labrador CMS