nyhende

Plast er ei stor utfordring globalt, ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Derfor går pengar frå TV-aksjonen spesielt til tiltak i Indonesia, Filippinene og Thailand (bildet er frå stranda Phuket i sistnemnde land).

Har gitt meir andre år

I årets TV-aksjon har det vore fokus på digitale bidrag. Resultatet for Sveio er det lågaste på fem år – til no.

Publisert Sist oppdatert

Til no har sveibuen gitt 216 986 kroner til TV-Aksjonen NRK, som i år går til WWF
sitt arbeid for å bekjempa plast i havet.
Det tilsvarar 37 kroner og 63 øre per innbyggjar, som er 2 kroner og 71 øre lågare enn landssnittet, som er 40 kroner og 34 øre.

Tilsvaranda aksjon fekk i 2018 og 2019 inn over 300 000 kroner frå Sveio, men det er enda mogleg å oppnå eit høgare resultat, sidan TV-aksjonen kan støttast ut desember.

På landsbasis er det samla inn kr 215 693 315 kroner.

Slik er resultatet frå Sveio måndag kl. 13.00, samanlikna med tidlegare år.
Powered by Labrador CMS