nyhende

- Alle fem er hustandsmedlemmer til personar som har fått stadfesta smitte tidlegare, så dette er ikkje uventa, seier smittevernlege Ståle Andreassen
Ståle Andreassen, kommuneoverlege i Sveio.

Har fått svar på alle prøvane – fem nye koronasmitta sundag

Sundag føremiddag vart det stadfesta at fem nye personar i Sveio har fått påvist koronasmitte. Kommunen har sundag ettermiddag fått svar på dei siste prøvane. Alle er negative.

Publisert Sist oppdatert

SISTE kl. 16.05: Ordførar Linn Therse Erve melder at at ein no har fått svar på alle prøvane som er teke i samband med den siste runden med smitteoppsporing. Det er ikkje funne fleire smitta enn dei fem som vart stadfesta i føremiddag.

Sundag føremiddag opplyste ordføraren at ein har fått svar på 29 av 40 testar som vart gjort i løpet av fredag. Ingen av dei 29 har fått påvist koronasmitte.

– Alle kjende nærkontaktar er testa, og det vart også gjennomført testing laurdag. Kor mange har eg ikke talet på. Me får truleg ein del fleire svar i løpet av sundagen, opplyste Erve.

Siste oppdatering

Medan Vestavind snakkar med smittevernlege Ståle Andreassen for å få talet på kor mange som vart testa laurdag, må han avbryta samtalen. Telefonen han får er siste oppdatering på prøvesvar.

– Me har no fått stadfesta at fem nye personar er smitta. Dei er alle hustandsmedlemmer til personar som har fått stadfesta smitte tidlegare, så dette er ikkje uventa. Dei fem nye smitta har alle få eller ingen symmptomar per no, seier Andreassen.

Det vart teke seks nye prøvar laurdag. Totalt er det altså teke 46 prøvar sidan fredag. Alle som er testa er i karantene, og dei som har fått påvist smitte er i isolasjon. Prøvane er teke både som følgje av smitteoppsporing, og at personar med symptom har teke kontakt på eiga hand.

I Haugesund er det sundag også stadfesta eit nytt smittetilfelle. Det er det femte barnet i familien der ein vaksen person fekk påvist smitte for ei veke sidan, skriv Haugesunds Avis.

Køyrd direkte til Haukeland

–  Det er ei utfordring for smittesporinga at me må senda senda prøvane til Haukeland med den relativt lange svartida det gjev. Der skal i utgangspunktet prøvesvara vera klare innan 24 timar, men det kan gå 48 timar. Det hadde heilt klart vore ein fordel for smitteoppsporing om me kunne analysert prøvar lokalt på Haugesund sjukehus, og svar fått innan nokre timar, seier Andreassen.

I tillegg til tida Haukeland brukar på analyse, kjem transporten av prøvane. Andreassen opplyser at Sveio kommune sørga for at prøvane som vart teke laurdag, vart køyrd direkte til Haukeland i staden for å bli sendt med vanleg transport.

Ingen frå Sveio på hurtigruta

Det store smitteutbrotet på hurtigruteskipet MS «Roald Amundsen» berører 158 mannskap og 386 passasjerar. 36 av mannskaper har fått påvist smitte, og ein av passasjerane. Karmøy og Haugesund har fått melding om at ein passasjer frå kvar av kommunane er i karantene.

– Me har ikkje fått melding om at nokon frå Sveio er berørt, seier Erve.

Laurdag vart det også stadfesta to nye smittetilfeller på Karmøy. Desse har ikkje samanheng med utbrota i Sveio og Haugesund, seier smittevernlege Martin Eikrem til Haugesunds Avis.

Powered by Labrador CMS