nyhende

Det har vore ein del open butikk-arrangement i løpet av dei siste vekene. Alle er blitt godt besøkt. Foto: Privat
Det har vore ein del open butikk-arrangement i løpet av dei siste vekene. Alle er blitt godt besøkt.

Har fått inn 807.000 kroner på 17 døgn

Ny butikk i Auklandshamn rykker stadig nærare, og styret i Forretningsbygg Stølen SA er takksame for engasjement og støtte.

Publisert Sist oppdatert

Per 17. desember var det signert 131 andelbrev og samla inn totalt 807.000 kroner til sjølvbetent butikk som også vil vera open om søndagar.

– Kvart einaste andelsbrev tar oss nærare målet på 1,3 millionar, og det har vore fantastisk å oppleva engasjementet til folk. Me har hatt ein heil del open butikk-dagar, og sist søndag tenkte eg at no kjem det ikkje fleire. Men det rann inn med folk, og eg måtte ringa Jostein (Mokleiv) for å få hjelp, seier styremedlem Jan Øyvind Gravdal.

47.482 kroner om dagen

Sidan starten med sal av andelsbrev, har det kome inn 47.482 kroner i snitt per døgn. Held det fram med denne farten, vil det i teorien ta 10-11 dager før målet på 1,3 millionar er nådd.

– Kvart andelsbrev tar oss nærare målet, og for at alle som ønsker det skal få teikna andelar, har me utsette fristen igjen. Me har også oppretta ei nettside med informasjon slik at dei som ikkje er på Facebook også kan halda seg oppdatert, fortel Gravdal.

– Gjer ein forskjell

Han håper også fleire hyttefolk vil melda seg på. Innanfor ein radius på 10 minuttar køyring frå butikken er det 157 hytter.

– Dei som støttar oss gjer ein forskjell for heile bygda. Saman kan me realisera draumen om ein butikk og ein levende møteplass til påska. Nå gjeld det å stå på i innspurten, seier Gravdal.

Powered by Labrador CMS