nyhende
Har eit ønske for lag og organisasjonar i Sveio
Dagfinn Vikse er dagens gjest i spalta «—Hei, sveibu!»
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg har mykje tid med dottera mi, og pussar opp hus og heim. Og eg jobbar med paintball-banen, med utleige og klubbspel. I tillegg jobbar eg på Bjelland Elektro.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Det beste med å vere sveibu er plassen og folka.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Eg saknar nokon som fysisk besøker lag og organisasjonar i kommunen jamleg. Nokon som kan hjelpe med info, på tvers av lag og organisasjonar og få fram til ungdom kva som blir tilbydd rundt om i kommunen. Eg saknar også ein frisbeegolfbane.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Å vere med familien på tur.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Eg vil framsnakke sjefen min i Bjelland Elektro, Svein Erik Bjelland. Hans pågangsmot for bedrifta, tilsette, lærlingar og folk i Sveio er utruleg motiverande og flott. Han er dønn rettferdig og all jobben han gjer for Sveio blir for lite sett pris på.