nyhende

Ståle Andreassen er kommuneoverlege i Sveio kommune.ARKIVFOTO
Ståle Andreassen er kommuneoverlege i Sveio kommune.ARKIVFOTO

Har ein viss kontroll på utbrotet

Sist veke var det sju som fekk påvist koronasmitte med adresse i Sveio, av dei ein elev på Førde skule.

Publisert Sist oppdatert

Det var onsdag 6. januar den første positive prøven kom. Som følgje av at vedkomande var nærkontakt med ein elev i 7. klasse på Førde skule, blei det beslutta at alle elevane skulle gå heim frå skulen, som var stengt torsdag og fredag.

Dei to påfølgjande dagane viste det seg at seks av dei testa også var smitta, éin av er elev på skulen i Førde, og nokre med bustadadresse ein annan stad enn Sveio. Måndag denne veka opna skulen for 1.-6. klasse, med ekstra stort fokus på smittevern.

Kan koma fleire

Onsdag morgon var framleis smitta og nærkontaktar i karantene, men kommuneoverlegen opplever å ha ein viss kontroll på utbrotet no.

– Det er litt tidleg å seia at det er over enda. Det kan koma fleire positive prøvar, eller fleire kan bli smitta. Smittesporinga er per no sluttført, dei som er nærkontaktar er i karantene, og alle har blitt testa éin gong. Nokre er tatt inn for test nummer to, sidan nokre prøvar blei tatt tidleg etter siste eksponering, seier Ståle Andreassen.

Utbrotet i Sveio medførte smitta personar i Haugesund. Også her har det vore roleg dei siste dagane.

Testrekord

– Eg snakka nett med Jostein Helgeland (kommuneoverlege i Haugesund, red. anm.), dei har heller ikkje hatt nye positive dei siste dagane i relasjon til utbrotet i Sveio, dei opplever også å ha kontroll på sin kant, seier Andreassen.

Det er positivt med kvar dag som går utan at det kjem nye testsvar som tilseier covid-19. Det har vore høg test-aktivitet på koronasenteret i Aksdal. Sist veke blei det rekord i tal testar som blei tatt.

– Me må belaga oss på at det kan komma meir, det er framleis stader med smitte rundt om i landet, det er alltid ein risiko for at det kan dukka opp nye tilfelle.

Frå veke til veke

Når det gjeld vaksineringa, synest Andreassen det er positivt at det er i gong, og ser fram til at ein gradvis kan auka på med vaksinasjonar.

– Det går litt trått med tanke på tal vaksiner som kjem, me får ikkje informasjon langt fram i tid, det går frå veke til veke. I veke 3 kjem fem vaksiner, og i veke 4 ser det ut til å koma 45, så det er vanskeleg å forskottera.

Forventninga er at alle i risikosona er vaksinerte før påske, og store delar av befolkninga før sommaren.

Powered by Labrador CMS