nyhende

Ønskjer tips etter tjuveri:

Ein tilsvarande fliskuttar har blitt stole i Førde. Bildet er frå brukarmanualen til maskinen.
Ein tilsvarande fliskuttar har blitt stole i Førde. Bildet er frå brukarmanualen til maskinen.

Har du sett ein slik fliskuttar?

Ein fliskuttar er forsvunne frå vestsida i Førde. Eigaren ønskjer tips om noko har sett den grøne og noko spesielle maskinen.

Publisert Sist oppdatert

Det er Stig W. Simonsen som eig fliskuttaren av merket GreenMech Arborist 150. Den har stått ved utleigehyttene hans i Beinmyrvegen i Førde, og har vore vekke nokre veker. Tjuveriet blei oppdaga i helga.

– Folk har sett den stå der nede i førre månad, så det må ha skjedd i mai, resonnerer Simonsen seg fram til.

Han er fullt klar over at maskinen kan ha blitt frakta langt vekk allereie, men er takksam om folk lokalt kan ha augene opne for den tilhengarmonterte fliskuttaren, og gjerne tenka etter om dei kan ha sett den på vegen dei siste vekene.

– Det er ikkje mange som har denne maskinen, den er snart å kjenna igjen, seier Simonsen. Han oppmodar folk som har utstyr ståande nær vegen om å vera på vakt framover, no når det viser seg at landbruksmaskinar blir stolne.

Fliskuttaren er ein 2014-modell, og kostar nokre hundre tusen kroner som ny. Tjuveriet er meld til politiet. Har du sett noko, kan du ta kontakt med Stig W. Simonsen, eller politiet.

Powered by Labrador CMS